Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nettkurs i Vikværingen

 (08.05.2014)

Fylkeslaget Vikværingen skipa til nyttig nettkurs for aktive i lokallaga og andre interesserte.  

I førre veke inviterte Fylkesmållaget Vikværingen til nettkurs for dei lokale mållaga. Det var godt oppmøte av målfolk som ynskte å lære meir om korleis publiseringssystemet til lokallagssidene fungerer og korleis eit lokallag kan lage sin eigen blogg.

Informasjonskonsulent Kjartan Helleve hjå Noregs Mållag heldt kurset og la vekt på å fortelje at det er viktig at styret i lokallaget drøftar korleis ein ynskjer å bruke eigne heimesider, og om eventuelt å lage ein blogg er rett for laget.

– Det er viktig å sikre drift av ei nettside og at nettsida vert oppdatert sjølv om lokallaget skrifter styremedlemer, seier Kjartan Helleve.

Dei frammøtte fekk ein eigen manual for korleis lage ein blogg og korleis bruke publiseringssystemet til Noregs Mållag, og etter gjennomgangen var praktisk øving med eigne maskiner.

– Vi spurte på fylkesårsmøtet vårt kva lokallagsfolka våre ynskte seg av kurs. Mange av dei svara at dei ville lære meir om nettpublisering, så difor laga vi dette kurset, fortel Håvard Tangen, leiar i Fylkesmållaget Vikværingen.

Fleire av fylkesstyremedlemane og lokallaga møtte opp på kurset. Det gjorde også Borghild Løver, som er reiseskrivar for Mållaga på Agder.

– Det er veldig godt å få vere med på eit slikt kurs. Eg har lært mykje, i tillegg til at eg og får eit spark til å få kome i gong, seier Borghild Løver, som i desse dagar tek til med å lage ny nettside for Mållaga på Agder.

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no