Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Omsette jubileumssong til nynorsk

 (16.05.2014)

I høve grunnlovsjubileet i år, er det blitt laga ein eigen jubileumssong. Men den er berre på bokmål. Volda Mållag har gjort noko med det. 

Dei har sjølv omsett songen til nynorsk og i førre veke delte dei den ut til skulane i Volda.

- Det er ein mangel i jubileumsopplegget at den nye jubileumssongen ikkje er omsett til nynorsk, seier Anne Steinsvik Nordal, styremedlem i Volda Mållag til avisa Møre.

Nordal er styremedlem i Mållaget og har saman med styreleiar Gudrun Kløve Juul omsett jubileumssongen «Det går et festtog gjennom landet!» til nynorsk.

Det er ikkje berre Volda Mållag som reagerer. Avisa Møre-Nytt melder at Susanne Finnøy ved Åmot friskule i Ørsta har omsett songen til nynorsk. Der vart nynorskversjonen framført på ei festframsyning på skulen denne veka.

Vi kjenner også til at andre skular har omsett songen til nynorsk. Songen som er lagt ut på nettsidene til Grunnlovsjubileet er likevel berre i bokmålsversjon. 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no