Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Høyring på Stortinget

 (20.05.2014)

I går møtte Noregs Mållag i høyring hjå Kommunal- og forvaltingskomiteen på Stortinget. Emne var kommunereform og kommunesamanslåingar. 

Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag, møtte i Stortinget for Mållaget. Ho hadde med eit høyringsnotat som presenterer kva som er viktig for nynorsken og Noregs Mållag i ei eventuell kommunereform. 

HØYRINGSNOTAT TIL PROP 95 S

Noregs Mållag vil peika på desse sentrale problemstillingane:
1. Ei samanslåing av små nynorskkommunar med store bokmålskommunar vil få konsekvensar for nynorsken.
2. Å ta vare på begge dei to norske språka våre er eit nasjonalt ansvar.
3. Kommunar som har vedtak om språknøytralt tenestemål (dvs. at ein står i fritt i valet mellom bokmål og nynorsk) bør sikra nynorskbrukarane sine språklege rettar og behov der dei kjem i mindretal.

Noregs Mållag bed komiteen koma med slik merknad:
”Komiteen ser det som eit nasjonalt ansvar å sikra gode vilkår for nynorsk. Difor meiner komiteen at nynorskkommunar ikkje bør slåast saman med bokmålskommunar der ei samanslåing vil setja nynorsken under press. Komiteen er uroa for at det vil undergrava målsetnaden i regjeringserklæringa om å ”støtte opp om begge målformene som hovedmål”. Komiteen meiner at ein må ta dei same språklege omsyna til nynorskbrukarar, som meldinga legg til grunn for samiske språkbrukarar. Om ein ny storkommune vel språknøytralt administrasjons- og tenestemål, kan han likevel ikkje fritakast for å sikra dei språklege rettane nynorskbrukarane hadde før samanslåinga”.

1. Ei samanslåing av små nynorskkommunar med store bokmålskommunar vil få konsekvensar for nynorsken
I kommuneproposisjonen vert det slege fast at ”Regjeringen er opptatt av å ta vare på samisk språk, og vil vektlegge at samiske språkbrukere ikke kommer dårligere ut som følge av endringer i kommuneinndelingene”.

Som eit mindre brukt språk i Noreg er det viktig for nynorsk med område der nynorsken vert hegna om. På same måte som dei samiske forvaltingsområda fungerer slik for samisk, fungerer nynorskkommunane slik for nynorsken i dag.

Det er i nynorskkommunane ein i dag møter mest nynorsk, og me veit at nynorsk opplæringsmål i skulen er meir robust der nynorsken er det vanlege språket også utanfor skulen. Det vert vanskeleg å halda på språket sitt i det ein hamnar i tydelege mindretal.
Slår ein saman små nynorskkommunar med store bokmålskommunar, skaper ein slike  mindretal som gjer det vanskelegare å halda på nynorsken. Det er her det vil oppstå strid om språkval i kommunane. 

Svært mange av framtidige føreslegne samanslåingar vil vera samanslåing av bokmålskommunar og nynorskkommunar, eller av språknøytrale kommunar og nynorskkommunar. Og nesten alle dei språkblanda samanslåingane vil skje i område der nynorsken er under press, i det me kallar randsonene for nynorsken. Noregs Mållag fryktar at fleirtalet her vinn over mindretalet og at nynorskkommunane hamnar inn i nye store bokmålskommunar.

2. Å ta vare på begge dei to norske språka våre er eit nasjonalt ansvar
I Kommuneproposisjonen står det: ”Det er kommunene selv som avgjør hvilken målform som skal brukes i kommunen. Departementet legger til grunn at kommunene selv finner gode løsninger på språkutfordringene når de gjennomfører de lokale prosessene”.

Det er eit nasjonalt ansvar å sikra gode vilkår for begge dei norske språka våre, og særleg å verna om det mindre brukte av dei to.

Nabolandet vårt Finland har fleire likskapstrekk med Noreg. Dei har to nasjonalspråk, og dei er midt i ei kommunereform ikkje ulik vår. I arbeidet med å utforma eit nytt finsk kommunekart har språklege omsyn vore styrande for prosessen. Etter den finske kommuneinndelingslova heiter det at dersom kommunesamanslåinga trugar den språklege statusen til eitt av språka i alvorleg grad, så kan ein forkasta samanslåinga. Eit døme er der ein slår saman ein mindre svenskspråkleg kommune med ein større finskspråkleg. Då svekkjer ein den svenskspråklege delen av folket si stilling så kraftig at ein etter lova vil kunne seia at føresetnadene for ei kommunesamanslåing ikkje finst.

For nynorsken er det heilt avgjerande at det vert tenkt språkpolitikk ved eventuelle samanslåingar, og at kommunesamanslåingar ikkje må skje når det kan få negative konsekvensar for nynorsken.

3. Kommunar som har vedtak om språknøytralt tenestemål (dvs. at ein står i fritt i valet mellom bokmål og nynorsk) bør sikra nynorskbrukarane sine språklege rettar og behov der dei kjem i mindretal

I dag ser me at kommunar som går frå å vera nynorskkommunar til å verta språknøytrale, i praksis vert bokmålskommunar. Med det aukar språkassimileringa: det vert vanskeleg å halda på nynorsken i eit samfunn der ein ser svært lite nynorsk rundt seg.

Det politiske ynsket om store endringar i kommunestrukturen er ikkje knytt til eit ynske om å svekkja stoda for nynorsken. Noregs Mållag bed komiteen og Stortinget om å sikra at ei eventuell kommunereform ikkje får utilsikta negative konsekvensar for nynorsk.

 

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no