Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 24. OKTOBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Avduking av Ivar Aasen-minnesmerke

 (21.05.2014)

Det blir avduking av Ivar Aasen-minnesmerket på Frekhaug laurdag den 24. mai 2014 klokka 1200 utanfor Meland rådhus.
- Alle målvener, alle kunstinteresserte, ja alle, er velkomne, seier Haakon Aase, leiar i Meland Mållag. 

Minnesmerket er ei byste, støypt i bronse, på ein sokkel av lys Iddefjord-granitt. Kunstverket er laga av den kjende skulptøren Gunnar Torvund, ein av dei fremste i landet. Då Ivar Aasen var i Meland, frå juni 1843 til mars 1844, fylte han 30 år, og Gunnar Torvund har lukkast i å fanga inn noko av ungdoms kraft i skulpturen.

I samband med avdukinga vert det fest i kommunesenteret Frekhaug. Det blir korte talar og helsingar, men også stort oppbod av musikantar og korsongarar. Det er forfattaren Edvard Hoem som skal avduka minnesmerket. Etter avdukinga skal Edvard Hoem halda foredrag om 1814 og ”alt som fylgde”. Det skjer i kantina / formannskapsalen på Meland rådhus. For barna vert det teikneverkstad på rådhuset. Noko å bita i vert det for alle.

Leiar i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø, skal halda ein appell. Styret i Noregs Mållag vil vere til stades ved avdukinga.

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no