Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. JULI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ny Ivar Aasen-byste

På laurdag avduka forfattar Edvard Hoem ei byste av Ivar Aasen utanfor Meland rådhus i Nordhordland. Han kalla det ei ære å få vere med på arrangementet der over 200 møtte fram, og skrytte av initiativet frå Haakon Aase og Meland Mållag. 

Ivar Aasen budde om lag åtte månader i Meland hausten og vinteren 1843/44. Dette er grunnen til at Meland Mållag har fått laga ei byste, som dei gjev i gåve til Meland kommune, ei gåve ordføraren sette stor pris på. Ordføraren uttrykte òg ein stor takk til styret i Noregs Mållag etter at leiar Marit Aakre Tennø hadde helde sin appell.

Bysta er støypt i bronse, og det er Gunnar Torvund som står bak, kjend for sine ulike modernistiske portretteringar. Han fokuserte på ein yngre variant av nynorskens far, men det karakteristiske skjegget er likevel på plass. Etter avdukinga var det mykje fotografering, spesielt av typen «sjølvi», eit ord Aasen nok ikkje høyrde under opphaldet sitt i Meland.

Etter avdukinga framførte Meland musikklag og medlemer frå det lokale koret ein versjon av «Nordmannen», før folk samla seg inne på rådhuset til kaffi og kaker, og føredraget «1814 og alt som fylgde» av Edvard Hoem.

Artikkel i Bergens Tidende om då Ivar Aasen sat fast i Nordhordland. 

Erik Grov
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no