Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 23. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målprosjekt: Hått halling

 (02.06.2014)

– Dialekt er ikkje noko stridsspørsmål, men nynorsk er det delte meiningar om. Eg tenkjer at det er eit godt utgangspunkt, seier Heidi Molstad Andresen. Ho er leiar i prosjektet Hått halling. Eit treårig målpolitisk prosjekt som Buskerud Mållag har sett i gang.

Prosjektplanen siktar høgt. Målsetnaden er å gjera barn og ungdom interesserte i og nysgjerrige på norsk språk i skrift og tale, medverka til større medvit om språkval (dialekt/«bokmål» og nynorsk/bokmål) og til større språkleg sjølvtillit (munnleg og skriftleg). Ein ynskjer å skapa positive haldningar til dialekt og nynorsk blant barn/ungdom/foreldre, få flest mogleg til å velja nynorsk som opplæringsmål frå 1. klasse i skulen, førebyggja at barn og ungdom skiftar ut nynorsk med bokmål i skuletida, få flest mogleg til å bruka/halda på hallingmålet i barnehage og skule, og hjelpa kommunane med å auka kompetanse og kunnskap hjå tilsette i barnehage og skule for å nå desse måla.

– For nynorskarbeidet omfattar prosjektet nynorskkommunane Gol, Hemsedal og Ål, medan dialektarbeidet også er retta mot Hol, Nes og Flå, fortel Heidi Molstad Andresen. Målgruppa er ungar og elevar i barnehagane og skulane, lærarane deira og dei tilsette i barnehagane.

God start
– Hått halling-prosjektet fekk ein veldig god start med stevkonkurransen me skipa til. Den fekk mykje merksemd i lokalavisa Hallingdølen, med ei heilside kvar laurdag i fleire veker. Så på kort tid var det mange som hadde høyrt om oss, og på sett og vis har vel Hått Halling alt vorte ei ganske etablert merkevare, seier Heidi Molstad Andresen. Ho gler seg også stort over sigeren i skulemålsrøystinga i Holet skulekrins.

– Det var fyrst og fremst lokallaget i Hol som arbeidde med dette. Men det var utruleg kjekt å kunne leggja ut alle dei gode innlegga for nynorsk på Facebook-sida vår, og sigeren var heilt klart til inspirasjon til oss alle, seier Heidi Molstad Andresen.

Kursverksemd
Ho fortel at prosjektet ynskjer å tilby kurs og opplegg for både borna og tilsette i barnehagane og skulane, og at den største utfordringa er å få på plass avtalar.
– Målgruppene har gjerne fullsette dagar frå før, så mykje av arbeidet handlar om å få innsmett og organisera arbeidet mest mogleg effektivt og økonomisk. Men dette var me budd på då me starta, ettersom Målstreken i Valdres alt hadde gjort dei same erfaringane.
Av planane for hausten og vinteren er både nynorskføredrag til skuleelevane i 7. og 10. klasse og kulturbesøk til barnehageungane. Lærarane blir tilbydd inspirasjonsføredraget  «Ivar Aasen – rota til alt vondt» med forfattar Kristin Fridtun.
–  Kanskje kjem det også eit tilbod om meir omfattande nynorskkursing for lærarane – og kanskje går dette ut som ein fellesinvitasjon til alle kommunetilsette.  Ein del kanskje her, altså, seier Heidi Molstad Andresen.

I august vert det halvdagskurs i dialekt og lokalkultur for alle tilsette i barnehagane i Ål. Då vert det basiskurs i hallingdialekten med Hallgrim Berg, pedagogiske dialektverkty ved førskulelærarane Nina Stensgård og Jorunn Borge Knaldre og dialektarbeid som ressurs ved Anne Marit Grøndalen Ingvaldsen, styrar i Leira barnehage i Valdres. Kvedar Inger Marie Lien Rust og folkedansar Marianne Øynebråten skal fortelja om tanken attom lokal kulturformidling, og læra ifrå seg eit knippe av dei mest populære songane og dansane dei nyttar i barnehagen. Arne Moslåtten vil finna fram favorittstubbane sine og leia an i allsongen. Seinare på hausten vil alle dei seks hallingdalkommunane få tilbod om det same kurset på ei fellessamling for heile dalen.

Allsidig arbeid
Hått halling har mange slags prosjekt på gang. På Barnas Verdensdag på Gol laurdag 14. juni deltek Hått Halling med ein eigen verkstad dei har kalla “Heilt halling”.
I denne verkstaden hjelper kvedar Inger Marie Lien Rust og folkedansar Marianne Øynebråten ungane å bli kjent med dei språklege og musikalske røtene sine, gjennom fleire halvtimesbolkar der ungane lærer både lokale rim, songar og dansar .
Til hausten vert det også laga eige avisbilag som går til alle abonnentar av Hallingdølen. Og i september kjem forfattar Erna Osland til Hallingdal og skal vitja barnehagar i dalen. 

 

av Hege Lothe. Artikkelen står på trykk i Norsk Tidend 3 / 2014
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no