Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 26. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorskklasser i Knarvik

 (02.06.2014)

På Knarvik barneskule i Lindås kommune ligg det an til at begge 1. klassene vert nynorskklasser. Det er fyrste gong på om lag 20 år.

– Det er lenge sidan me har hatt to nynorskklassar, ja. Sist gong må vel vera ein gong om lag midt på 90-talet. Det huskar eg fordi sonen min gjekk på skulen då, seier rektor Terje Hugo Aarvik ved Knarvik barneskule til avisa Strilen.

Det er foreldrene til fyrsteklassingane som sjølv vel opplæringsspråk for borna sine. Men det må vere minst 10 elevar for å få det opplæringsspråket ein ynskjer. Nett no ser det ut til at det er om lag åtte bokmålselevar og om det ikkje vert endringar på dette vert det to nynorskklasser i 1. klasse til hausten.

Både Johan Myking og Inger Helen Midtgård i Alversund Mållag seier til avisa Strilen at dette er svært gledleg.

– Dette stemmer i grunnen godt med mi oppleving av miljøet. Sjølv om det har vore ein del tilflytting til Knarvik, er det ikkje noko naturlov at tilflyttarane nyttar bokmål. Eg trur at ein del som kjem frå bergenssida og vel nynorsk, seier Johan Myking.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no