Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Samlaget satsar digitalt

 (05.06.2014)

Samlaget har lagt ut eit tiltals nye og gamle biletbøker for born, for sal på nettet. Før sommaren skal talet nærma seg femti. Ein ny app er inngangsporten.  

Appen heiter "Samlaget barnebøker". Der kan ein bla seg gjennom dei bøkene som er for sal. Dei bøkene som kundane alt har skaffa seg, står fint plassert i den digitale bokhylla. Desse kan lesast om att og om att på nettbrett som til dømes ein Ipad.

Barnebokredaktør Ragnfrid Trohaug i Samlaget seier at dette ikkje er ei erstatning for vanlege bøker.
– Eg trur at me vil sjå fleire parallellutgjevingar, seier Ragnfrid Trohaug.
– Papirboka vil ikkje døy med det fyrste. Samstundes er det å frigjerande for oss som forlag å kunna distribuera noko direkte ut på denne måten. Appar som denne er noko dei fleste har. Håpet er no at me kan nå folk som er vane med å kjøpe digitalt innhald på nett, men som ikkje går i ein bokhandel så ofte. Slik kan bøkene nå nye lesarar og kjøparar. Denne appen gjer det også lett å finna fram til nynorske biletbøker på nett, som ofte forsvinn i det store tilfanget på nettet. 

Lydbok inkludert
I motsetnad til e-bøker, er desse digitale utgåvene fullverdige bøker. Alle bøkene er også lesne inn. I det du opnar ei bok, byrjar også høgtlesinga. Dermed kan ungane få seg sitt heilt private møte med bøkene.
– Illustrasjonane kjem veldig godt fram i eit slikt format, seier Ragnfrid Trohaug. 
– Nokre av dei digitale bøkene er rikare ann andre. Då er det til dømes råd å trykkja på snakkeboblene, der det er andre røyster enn forteljaren som les. Andre bøker kan også ha litt musikk.

– Kven er det som les?
– Det er dei som vanlegvis les inn lydbøker, stort sett skodespelarar. Me har brukt mykje tid på å finna ein balanse mellom ulike stemningar og kva dialektar som ligg i botnen. Så langt er Sunnmøre, Hålandsdalen, Stord, Valdres og Vinje representerte. Det er likevel normert talebotn som er malen, sjølv om klangen er ulik. Dermed får dette prosjektet ein tilleggsfunksjon. Ein ting er at nynorske biletbøker er å få tak i digitalt, men me slår også eit slag for normert nynorsk talemål, seier Ragnfrid Trohaug. 
– Med eitt unnatak: boka Kakerlakken med den stygge frakken er lesen inn med den vakre liernedialekten. Ho er også ein teiknefilm, der dialekten er nytta, og me tenkte at det var fint om det var samsvar mellom bok og film.

Høver ikkje til alle bøker
Barnebokredaktøren trur at dette vil endra arbeidet med bøker i framtida. Undervegs vil det alltid bli vurdert korleis ei bok vil kunna fungera digitalt. Det er også grunnen til at Samlaget måtte gjera eit utval av kva eldre bøker dei kunne leggja ut. 
– Veldig få bøker har blitt laga med omtanke for dette format. Nokre av dei eldre bøkene har me juksa til litt, med t.d. å lata biletet bli panorert. Det er ikkje optimalt, men det fungerer fint. Det er likevel fleire grunnar til at me ikkje kan leggja ut alt me har gjeve ut. Det kan vera tekniske grunnar og det kan vera visuelle grunnar. Nokre bøker kan ha eit format som ikkje fungerer, og nokre bøker har også for mykje tekst, seier Ragnfrid Trohaug.
Ho er likevel glad for at såpass mange eldre bøker er inkluderte. Bøker har eit relativt kort liv som vare. Etter nokre år blir bøkene tekne ut av vanleg sal, og det kan vera vanskeleg å finna ein butikk som har den aktuelle boka.
– Det vil forlengja levetida til bøkene. I teorien kan dei no ha fått eit evig liv, seier Ragnfrid Trohaug optimistisk.

Målpolitisk løft
Ho understrekar også at dette har vore eit løft for forlaget. Sidan lærebokavdelinga forsvann ut av huset, så har dei ikkje hatt ei eiga digital avdeling. Mykje nytt måtte lærast,  investeringar gjerast.
– Me i barnebokredaksjonen var veldig glade då leiinga og styret gjekk med på å gjera dette. Samlaget har valt å ta eit større løft av målpolitiske grunnar. Det er ingen automatikk i at dette blir ei sikker inntektskjelde for oss. Om me berre skulle teke omsyn til marknaden, hadde me truleg ikkje gjort dette. Men då hadde me også svikta mandatet vårt. Dette er ei investering for framtida, seier Ragnfrid Trohaug. 

Artikkelen er henta frå Norsk Tidend 3 / 2014
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no