Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 24. JANUAR 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

For lite nynorsk i departementa

 (06.06.2014)

Staten bryt si eiga lov om målbruk. Det er altfor mykje bokmål i staten. 

Nyleg vart det lagt fram ferske tal for språkbruken i departementa i 2013. Av 17 departement er det berre fem som held seg til lova og har over 25 % nynorsk. 

Nynorskprosenten for departementa sedde under eitt er 20,7 %. For nynorsk er dette vel fire prosentpoeng lågare enn det lovbaserte minstekravet om bruk av kvar målform og ein nedgang på 2,1 prosentpoeng frå året før. 

– I år, som kvart år, syner statistikken at dei statsrådane som er opptekne av nynorsk, ikkje har vanskar med å få sine departement til å produsere tekst på nynorsk. Det tyder at kompetansen finst der om berre viljen er til stades, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag. 

I stortingsdokument ligg nynorskdelen så tett oppunder 25 % som ein kan kome (24,9). For andre dokument er det vel 20 % nynorsk i kategorien under 10 sider, medan det i kategorien over 10 sider berre er 9,4 % nynorsk. Forholdet mellom desse dokumentkategoriane er om lag som året før, jamvel om det er ein viss nedgang i nynorskprosenten i kategorien dokument under 10 sider, jf. tilsvarande statistikk for 2012.

I Landbruksdepartementet brukar dei for lite bokmål. Heile 82,4 % av sidetalet i stortingsdokumenta frå Landbruks- og matdepartementet var i 2013 på nynorsk. Berre to gonger før dei siste seks åra har eit departement hatt for lite bokmål i stortingsdokument: Fornyings- og administrasjonsdepartementet i 2009 og Kunnskapsdepartementet i 2010.

Språkstatistikken for departementa blir utarbeidd kvart år som ledd i det tilsynsarbeidet Kulturdepartementet utfører etter forskrift til lov om målbruk i offentleg teneste.

For å kunne måle dette blir det aktuelle dokumenttilfanget sortert i tre grupper:
- proposisjonar og meldingar til Stortinget
- andre dokument, av mindre omfang (under 10 sider)
- andre dokument, av større omfang (over 10 sider)

Les statistikken sjølv: Språkstatistikk 2013

Tidlegare språkstatistikk frå Kulturdepartementet

Les også om saka i Framtida.no: Bryt mållova: Skriv formykje nynorsk
 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no