Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

– Ta vare på stadnamna våre

 (06.06.2014)

Føremålet med stadnamnlova er å verne stadnamn som kulturminne. Stadnamn er rike kulturhistoriske kjelder, og eit hovudpoeng ved å innføre lov om stadnamn i 1990 var å verne dei nedervde uttalane av stadnamna.

No har Kulturdepartementet sendt på høyring eit framlegg om å endre lova og dermed gje grunneigarane råderett over skrivemåten av bruksnamnet på bruket. Då fell vernet av desse namna vekk.

– Mållaget fryktar at bruksnamna som held seg til nedervd uttale, forsvinn. Det er den nedervd uttalen som ofte viser attende til kva opphav og tyding namna har. Det er viktig at skrivemåten ikkje skuggar for meiningsinnhaldet. Det er med andre ord dei lange linene i kultursoga vår som no kan bli brotne for godt, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag.

Noregs Mållag meiner stadnamnrøkt er eit samfunnsansvar òg for bruksnamn. Det er hjå grenda og nabobruka bruksnamnet er mest i bruk.

– Mållaget fryktar at om vernet av bruksnamna fell vekk, vil det auke presset slik at også dei kringliggjande stadnamna i framtida kan få skrivemåtar som skil seg frå gjeldande rettskriving og opphav og tyding, seier Marit Aakre Tennø.

Samstundes ser mållaget positivt på at Kulturdepartementet i framlegget til ny lov vil betre informasjonen til grunneigar om kva argument fagmiljøa legg vekt på i sine avgjerder i namnesaker.

Høyring av endring av framlegg til stadnamnlova frå Kulturdepartementet. Høyringsfrist er sett til 2. september 2014. 

Samleside for kva Noregs Mållag meinte om stadnamnlova i førre runde i 2012. 

Pressemelding frå Noregs Mållag
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no