Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 28. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Tid for å søkje om momskompensasjon

 (10.06.2014)

Lokale mållag kan søkje om momskompensasjon. Søknaden skal via Noregs Mållag og fristen er sett til 15. juli 2014. 

Noregs Mållag leverer inn ein samla søknad på vegne av alle lokale mållag som leverer inn søknad. Søknaden om momskompensasjon for frivilljuge organisasjonar vert levert til Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Noregs Mållag og våre lokallag søkjer etter forenkla modell. Gå inn på nettsida til Lotteri- og stiftelsestilsynet for å lese meir om ordninga og finn mal for rapportering frå lokalledd til sentralledd eller frå regionalledd til sentralledd.

Legg gjerne ved kopi av rekneskap, om du ikkje allereie har sendt det inn. Frist for å sende til Noregs Mållag er sett til 15. juli 2014. Men send gjerne inn skjema straks det er klart. Sender du det i posten er adressa: Noregs Mållag, Lilletorget 1, 0184 Oslo.

Det er fint om du vil bruke elektronisk skjema og sende på e-post til berit.krogh@nm.no

Har du spørsmål

– ring økonomikonsulent Berit Krogh – telefon 920 82 991.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no