Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Utlysing av organisasjonsmidlane

 (13.06.2014)

På budsjettet til Noregs Mållag er det sett av 200 000 kroner som er øyremerkte lokale organisasjonstiltak. Alle lokallag og fylkeslag kan søkje om desse pengane. Hovudtildelinga i år blir på styremøtet i august. Søknadsfrist for denne tildelinga er 8. august 2014. 

Det er fleire lag som har fått støtte til ulike tiltak. Det har vore opne møte, konferansar og samlingar, eller heilt andre ting som lokale lag har peika på vil vere organisasjonsbyggjande hjå dei. At tiltaket skal ha eit organisasjonsbyggjande føremål, er viktig for å få tildeling. Maks sum for eit lag er 100 000 kroner.

Send søknad på e-post til gro.morken@nm.no eller i posten til: Noregs Mållag, Lilletorget 1, 0184 Oslo innan 8. august for å få søknaden handsama i august. Sjå også retningslinjene for søknaden.

Retningsliner for midlane:

1 Prosjektsøknaden
Søknaden skal minimum innehalda slik informasjon:
Mål med prosjektet
Verkemiddel for å nå målet/måla
Budsjett med spesifisert inntekts- og kostnadsoversyn, inkludert informasjon om ein har søkt/fått støtte frå andre instansar.

2 Krav til prosjektet
Prosjektet skal føra til ei styrking av den organiserte målrørsla i det området prosjektmidlane vert brukte. Prosjektet skal også ha ein lærings-/overføringsverdi til andre lag, slik at andre kan gjennomføra same slags tiltak etter mal frå det støtta prosjektet.

3 Rapportering
Rapport for prosjekt som er støtta av Noregs Mållag skal sendast styret seinast 20. februar året etter. Rapporten skal evaluera om ein nådde måla, kva verkemiddel som fungerte godt og dårleg, og skrivast i ei form som i all hovudsak kan formidlast vidare til resten av organisasjonen som del av ein idébank for tiltak. Revidert rekneskap kan ettersendast, men må liggja føre seinast ved utgangen av mai.

4 Søknadsfristar og tildelingsrutinar i styret
Gjeldande landsmøtevedtak har sett av om lag 200 000 kroner pr år til utlysing til organisasjonsprosjekt.


 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no