Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Mållova i praksis

 (16.06.2014)

Å klaga på brot på mållova er enkelt. Å få nokon til å reagera er verre.   

Kåre Seland slåst mot to bokmålsvindmøller. Den eine er bispekontoret i Agder og Telemark. Den andre er Pasientreiser. Seland har engasjert seg i båe sakene. I april var han på møte med Språkrådet, saman med leiar og dagleg leiar i Noregs Mållag. No er han i ferd med å bli mektig irritert, og vil ha svar på ei rekkje med spørsmål om korleis mållova skal fungera i praksis.

Saka med bispekontoret er gamal. I 2004 gjorde Norsk Språkråd bispedømet merksam på at dei i fylgje mållova skulle nytta nynorsk som tenestemål. Det var ikkje bispedømet, og i alle fall ikkje dåverande biskop Olav Skjevesland, særleg interessert i. Bispedømet bad difor om å få sleppa, noko dei naturleg nok ikkje fekk. Det vart eit ordskifte i avisene, særleg i 2006, men bispedømet har ikkje endra språkpolitikk. Årsmeldinga for 2013 ligg føre på bokmål, og ei avislysing 10. mai i år var òg på bokmål. 
 

Ignorerer krav

– I bispesaka kunne den dåverande biskopen aktiv undergrava eit pålegg frå Kulturdepartementet utan at det fekk fylgjer. Han kunne koma med usanne opplysingar og skriva under lesarinnlegg med "biskop", utan at departementet reagerte. Så trass i at departementet og språkrådet har engasjert seg i saka og sagt at nynorsk skal vera tenestemål, så bryr ikkje bispedømet seg om det. Dei berre held fram som dei sjølve vil. Kven er det då som skal syta for at lova blir fylgd?, spør Seland. No lurer han på om styret i bispedømerådet i det heile har vorte orientert om saka.

Saka som gjeld Pasientreiser er av nyare dato. Pasientreiser er eit statleg selskap som har ansvaret for refusjon av paseintreiser utan rekvisisjon. I motsetnad til bispedømesaka, gjeld denne kva rettar ein som enkeltperson har i fylgje mållova. Fem gonger har Seland sjølv fått svar frå Pasientreiser på bokmål, sjølv om han har skrive til dei på nynorsk. Det er eit brot på § 6 i Mållova: "Statsorgan skal svare på skriv frå private rettssubjekt i den målforma som er nytta i skrivet".

Klaga til overordna organ?
– Dette illustrerer kor vanskeleg det er å få gjort noko med brot på mållova, seier Seland.
– Det er ganske enkelt: eg skal ha svar på nynorsk, men får det på bokmål. Eg vil klaga, og i mållova står det i § 9: "Om nokon meiner at eit statsorgan ikkje følgjer lov eller føresegner om målbruk i saker som vedkjem dei sjølve, kan dei klage på dette til overordna organ." I dette tilfellet er det Helse Sør-Aust, men i staden hamnar klagene mine hjå Språkrådet. Det er dei som handsamar klagen, men ber ikkje om at eg skal få brev på nynorsk. Det må eg gjera sjølv. Det undergrev tanken om at ansvaret er fordelt oppover i systemet. Helse Sør-Aust burde ha sagt frå til Pasientreiser. Pasientreiser burde ha forklart korleis denne feilen kunne skje. Helse Sør-Aust burde ha sytt for at det ikkje kom til å henda i framtida. Men så lenge klagane går ut av systemet og til Språkrådet, så kjem dette også til å henda i framtida, seier Seland.

Han meiner at forskrifta er tolka feil. Der står det Kulturdepartementet og Språkrådet skal ha tilsyn, men Seland meiner at det ikkje er det same som å vera klageinstans.
– Som regel er svaret at "dei ikkje kan spørja". Dei har tilsyn, men kan ikkje spørja. Då er tilsynet redusert til å vera lite meir enn å opplysa om gjeldande lovverk. Det svekkjer min rett til å klaga. Etter lova skulle klagen vorte handsama av det overordna organet som har makt til å gjera noko med problemet.

Han stiller også spørsmål om kven som har ansvaret for å informera innbyggjarane om rettane sine.
–  Spørsmålet er om kor vidt ein vil ha svar frå styresmaktene på bokmål eller nynorsk, bør vera eit punkt i alle skjema som staten produserer. No er det berre på nokre få. Det verkar ikkje som om Språkrådet og Kulturdepartementet tek dette ansvaret.

Kristin Solbjør, seksjonssjef i Språkrådet, seier at dei så og seia aldri får klagesaker vidaresendt frå eit statsorgan. I den grad ein klage hamnar på Språkrådet sitt bord, er det av di klagar sjølv har sendt han dit. 

– Personar som vil klaga på mållovsbrot kan etter mållova klaga direkte til overordna organ. Mange vel likevel å klaga via Språkrådet, sidan vi fører tilsyn med gjennomføringa av reglane om målbruk i offentleg teneste. Når Språkrådet får slike klagar, tek vi opp saka med det overordna organet, seier Solbjør.

Artikkelen er skriven av Kjartan Helleve og henta frå Norsk Tidend 3 / 2014
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no