Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. JUNI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Grunnlova kom fram!

 (27.06.2014)

Dei nynorske festspela er opna. Og gjennom heile torsdagen kunne du følgje den nynorske Grunnlova på vegen frå Oslo via Eidsvoll, Hamar, Vinstra, Skjåk og til Ørsta. Les om turen minutt for minutt hjå framtida.no!

På vegen kjem dei til å stogge på utvalde plassar der Grunnlova kan skodast, fotograferast, og grunnlovsplakatar bli opphengde. Det er Noregs Mållag som syter for transporten i ein høveleg dekorert bil.

Den 6. mai vedtok Stortinget at Grunnlova også skulle finnast på nynorsk. Noregs Mållag laga i dette høvet ein stor modell av Grunnlova, og trykte også opp den nynorske versjonen i stort plakatformat som vart sendt til alle vidaregåande skular i landet. Både Grunnlova og plakatar vert med på ferda vestover.

Fyrste stogg er sjølvsagt Eidsvollsbygningen. Her møter me leiar i Toten dialekt- og mållag, Jorunn Ingeborg Aarsby og medlemer frå Øvre Romerrike Mållag, og tek historiske bilete og overleverer grunnlovsplakat til Eidsvoll 1814.

Neste stogg vert hjå Hamar dialekt- og mållag, eit lokallag i vekst. Her treff me leiar Jens Haugan, og det vert opphenging av plakat på Gravdahl bokhandel.

Ferda går vidare til Vinstra, der nestleiar i Fron Mållag, Aase Toxe Tveit, møter oss ved rådhuset for fotografering, og følgjer oss til biblioteket for opphenging av grunnlovsplakaten.

I år er det 100 år sidan forfattaren Jan-Magnus Bruheim frå Skjåk vart fødd. Ordførar i Skjåk, Rolv Kristen Øygard, møter oss ved «Diktarstigen» i Skjåk. Bruheim fekk Noregs Mållag sin barnelitteraturpris i 1969.

Etter turen over Strynefjellet kjem endeleg Grunnlova heim til Ørsta og Ivar Aasen-statuen. Her vert ho motteken av leiar i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø, fylkesleiar i Sunnmøre Mållag, Terje Kjøde, og Ingebjørg R Øyehaug, leiar i Ørsta Mållag og Gudrun Kløve Juuhl, leiar i Volda Mållag. 

Dei nynorske festspela i Ørsta og Volda opnar i Ivar Aasen-tunet torsdag 26. juni og held på til og med sundag 29. juni. Les det flotte festivalprogrammet her

Lokale mållag på stand
Både Sunnmøre Mållag, Ørsta Mållag og Volda Mållag vil markere at Grunnlova er vedteken i nynorskversjon i Ørsta og Volda sentrum laurdag føremiddag. Møt Volda Mållag på stand framfor Cubus mellom 12 og 13. Dei sel grunnlovsplakatar, deler ut materiell og ferske sveler. 

Les om saka i Møre-Nytt, og framtida.no er tett på saka! 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no