Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Oppmodar til nynorsk #lesesumar

 (28.06.2014)

Noregs Mållag oppmodar til digital dugnad for å lyfte fram den nynorske barnelitteraturen gjennom emneknaggen #lesesumar.

Sumar er lesetid, og sumar er lesetipstid. Avisene er fulle av lesetips og ”kva bøker skal du ha med på stranda”-artiklar. Diverre tilrår dei fleste av desse artiklane berre bøker på bokmål. For nokre dagar sidan tipsa NRK om gode bøker for småungar. Ingen av dei var nynorske. No vil Mållaget bøte på det.

– Me oppmodar til digital dugnad for å syne fram kor mykje god barne- og ungdomslitteratur det finst på nynorsk, slik at ungar får gode leseopplevingar på nynorsk i ferien, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag.

Det finst eit hav av god barnelitteratur på nynorsk, og Mållaget har fått med seg forlaga Samlaget, Skald og Mangschou til å dele sine tips. I tillegg er nynorskbok.no  med, ei nettside med gode lesetips til barn og unge på nynorsk. Saman oppmodar dei alle til å dele lesetips i sosiale media under emneknaggen #lesesumar.

– Skal barn og unge  verte gode nynorskskrivarar treng dei gode språklege førebilete på nynorsk. Dei treng ei real nynorsk rotbløyte. Då må bøkene på nynorsk synast og kunne veljast. Den gode nynorske barne- og ungdomslitteraturen finst der ute, i haugevis, men han må løftast fram, seier Marit Aakre Tennø.

Vil du vere med på #lesesumar? Legg ut dine beste lesetips på Facebook, Twitter og Instagram og meir dei med #lesesumar 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no