Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. JULI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Framtida.no til Stord

 (13.08.2014)

Nyhende- og debattavisa for unge får kontor i verdas største nynorskby. Fire år etter starten i Oslo, startar Framtida.no opp vestlandskontor på Stord.

– Me vil koma nærmare lesarane våre og alt det spennande som skjer i Sunnhordland og elles på Vestlandet. Me vil vera ei nettavis for og om framtida, og då er det viktig å vera til stades der viktige delar av framtida til Noreg blir skapt, seier Svein Olav B. Langåker, redaktør i Framtida.no.

Nyhende- og debattavisa for unge har som mål å styrkja nynorsken og bidra til å auka og få fram engasjementet til unge.

 

I vekst

Redaksjonen har vakse frå eitt årsverk i starten til no vel tre årsverk, og har i tillegg fleire frilansarar rundt i Noreg.

Talet på brukarar har auka sidan starten, og er no på vel 30.000 unike brukarar i månaden. I løpet av heile 2013 var over 300.000 unike brukarar innom Framtida.no.

– Det er viktig at det finst eit nynorsk tilbod for unge lesarar på nett, seier Vidar Høviskeland, dagleg leiar i Landssamanslutninga av nynorskkommunar.

 

Lokomotiv for nynorsk på nett

I tillegg til artiklar frå eigen redaksjon, presenterer Framtida.no utvalde nyhende frå Nynorsk pressekontor, fleire lokalaviser, Dag og Tid og fleire andre nettstader. Bak Framtida.no står ABC Startsiden og Landssamanslutninga av nynorskkommunar.

– Saman med Startsida.no har me som mål å vera eit lokomotiv for nynorsk på nett nasjonalt, seier Svein Olav B. Langåker. Han vil ha kontorplass i bladstova til Mediehuset Sunnhordland på Stord, medan resten av redaksjonen vil halda fram på kontoret hjå ABC Startsiden i Oslo.

Framtida.no-redaksjonen har òg ansvaret for det redaksjonelle innhaldet på LNK.no – nyhendetenesta til Landssamanslutninga av nynorskkommunar og Magasinett.no – eit nynorsk nettidsskrift for ungdom.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no