Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Kunnskapsministeren må ta ansvar for utdanningstilbodet til nynorskelevane

 (20.08.2014)

- Rapporten "Undersøkelse av nynorsk som hovedmål" syner nok ein gong at nynorskelevane vert overlatne til seg sjølve og at kompetansen og oppfølginga sviktar på alle nivå frå ungdomsskule til lærarutdanning, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag.

Proba analyse har på oppdrag for Kunnskapsdepartementet utarbeidd ein rapport om språkskifte i randsonene for nynorsken og stoda for nynorskopplæringa i lærarutdanninga.

- Rapporten konkluderer med at dei som skifter frå nynorsk til bokmål, gjer det i det dei hamnar i språklege mindretal. Dess mindre mindretalet er, dess større vert sjansane for at nynorskelevane byter til bokmål. Skulane gjer samstundes lite for å motverka mindretalskjensla, seier Marit Aakre Tennø.

Vidare syner rapporten at lærarutdanningane sjeldan kan dokumentera studentane sin kompetanse i nynorsk, og at det mange stader er høgst usikkert korleis og om studentane får den kompetansen forskrifta seier at studenten skal ha.

Mållaget meiner Kunnskapsministeren no har fått ein rapport som syner at situasjonen for nynorskelevane i randsonene produserer språkskifte. Kunnskapsministeren kan gjera to enkle grep for å betra situasjonen noko:
- Lat elevane i ungdomsskulen ha dei same rettane til å gå i eigen klasse i ungdomsskulen som i barneskulen, så langt det er råd. Om dei ikkje er mange nok til ein heil klasse, må ein samla nynorskelevane i same klasse.
- Lærarutdanningane må gje betre opplæring i nynorsk, og nynorskkompetansen må koma klårt til uttrykk på vitnemålet.

- I dag har elevar berre rett til å få opplæring på sitt eige språk i 7 av dei 13 åra dei fleste går på skule. Denne mangelen på opplæring i hovudmålet råkar nesten berre nynorskelevane. I det mange nynorskelevar i randsonene kjem frå små grendeskular inn til større ungdomsskular, hamnar dei i mindretal, fortel Marit Aakre Tennø.

Sjølv om dei kunne vera nok elevar til ein eigen nynorskklasse, lèt svært mange skular vage sosiale eller andre omsyn overstyra trongen desse elevane har til å bli verande trygge i sitt eige språk. Rapporten syner at dess fleire nynorskelevar det er i ein klasse, dess større er sjansane for at dei skal halda på nynorsk. I dag er Odda ungdomsskule den einaste skulen som praktiserer retten til å gå i eigen bokmåls- eller nynorskklasse òg på ungdomsskulen. Etter 101 år er denne ordninga truga. Kunnskapsministeren burde heller gjera ordninga nasjonal.

Rapporten syner vidare at det er store skilnader i nynorskopplæringa mellom dei ulike lærarutdanningane, og at denne kompetansen er svært vanskeleg å sjå att på vitnemålet. Nynorskelevane som er intervjua i rapporten, meiner det skortar på nynorskkompetansen hjå lærarane. Når lærarstudentane ikkje har vitnemål som syner nynorskkompetansen deira, og rapporten syner at opplæringa sprikjer mellom institusjonane og utdanningane, vert det vanskeleg for arbeidsgjevar å vita om nynorskkompetansen til nye lærarar er god nok. Skulen er grunnmuren i det norske språksamfunnet. Dersom studentane ikkje får fullgod opplæring i og om heile språkarven - bokmål og nynorsk - sprekk denne grunnmuren. Det er avgjerande for framtida til nynorsk at nynorskopplæringa i lærarutdanninga vert styrkt kraftig.

- Det er på høg tid å handla, og denne rapporten syner tydeleg at noko må gjerast. Den førre kunnskapsministeren gjorde inkje. Me vonar Torbjørn Rød Isaksen ser at nynorskelevane i randsonene ikkje lenger kan overlatast til å kjempa for seg sjølve, slik dei vert no.

Rapporten ifrå Proba: http://www.proba.no/rapporter/proba-rapport-2014-07/

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no