Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Høyringssvar om endring av lov om stadnamn

 (24.08.2014)

2. juni la Kulturdepartementet fram eit endringsframlegg til lov om stadnamn. Lovendringa fylgjer opp Innst. S. nr. 124 (2008–2009) frå familie- og kulturkomitéen om eit representantforslag frå stortingsrepresentantane Øyvind Halleraker (H) og Olemic Thommessen (H).

Noregs Mållag meiner det er bra at skrivemåten av gardsnamn framleis skal fastsetjast av Statens kartverk, fordi dei er stadnamn og kulturminne med interesse for alle. Derimot meiner vi det er svært uheldig at departementet føreslår å endre lova slik at eigaren av eit gardsbruk får rett til å bestemme skrivemåten av bruksnamnet, også når det er identisk med eit nedervd gardsnamn.

Rett nok må grunneigar dokumentere at skrivemåten har vore i offentleg bruk, men ” Det skal ikkje stillast strenge krav til dokumentasjon” og namnet skal kunne vedtakast utan lokal høyring. Slik vil Kulturdepartementet leggje meir vekt på synsmåtane til grunneigarar og mindre vekt på omsynet til fellesskapen og kulturvernet.

Noregs Mållag ser fleire uheldige konsekvensar at dette framlegget og har desse utdjupande merknadene til framlegget:
Forvaltninga av stadnamnarven vår er ei svært viktig sak. Hovudgrunnlaget for oss er stadnamna som verneverdige kulturminne, slik det også er uttrykt i forarbeida til lova. Det som gjer stadnamna særleg verneverdige, er dei nedervde lokale uttaleformene som er siste lekken i ein ubroten samanheng attende til den tida namna voks fram. Skrifttradisjonen er i så måte oftast mykje meir tilfeldig. Særleg er skriftformer frå 16-, 17- og (tidleg) 1800-tal tvilsame, og kan ikkje tilleggjast på langt nær same kulturelle verdi som dei nedervde, lokale uttaleformene.

For å halda oppe kulturminneverdien i stadnamntilfanget vårt, er det difor viktig å få fastsett skrivemåtar som byggjer direkte på nedervd lokal uttale, opphav og gjeldande moderne rettskiving. Den munnlege traderinga mellom generasjonane er svekt i vår tid, og namna blir i stadig sterkare grad lært etter skrifta, frå kart, skilt og andre kjelder. Dei skriftformene som blir fastsette til offentleg bruk, vil dermed bli grunnlaget også for dei munnlege formene som vil leva i framtida. Dette er eit område der vi faktisk har stor sjanse til å lukkast i å styra språkutviklinga i den leia vi ønskjer.

Den motsetnaden som det stundom blir sagt skal finnast mellom kulturverdien til namna og den praktiske adressefunksjonen, meiner me i all hovudsak er oppkonstruert. Når ei tradisjonell namneform har greidd å overleva fram til vår tid, har ho også synt seg praktisk dugande. Nedervde namn, og skrivemåtar som byggjer på nedervde uttaleformer, vil i dei fleste høve vera betre eigna enn nykonstruksjonar.

Endringane som er føreslegne kan skape forvirring og rot med mange ulike skrivemåtar av bruksnamn med opphav i same gardsnamn, t.d. Vik, Wiik, Vig, Vigh osb. Det at brukaren skal avgjera namnet på bruket, kan føre til at eit bruk får endra skrivemåte frå ein generasjon til neste. 

Noregs Mållag ser positivt på at lova no vil at grunneigaren eller festaren straks skal få tilsendt språkfagleg tilråding, slik at han får direkte innsyn i dei momenta som har kome fram i høyringsrunden, og som kan styrkje eller endre oppfatninga hans.

Dei norske stadnamna, inkludert gards- og bruksnamn, er vår felles eige. Noregs Mållag meiner at stadnamnlova slik ho er i dag, forvaltar gards- og bruksnamn på ein framifrå måte. Ho vernar om namna som kulturminne og sikrar den lokale uttalen, som er ein del av den immaterielle kulturarven vår. Me ber difor Stortinget om ikkje å gjera endringar i kven som skal forvalta skrivemåten åt stadnamna i stadnamnlova, og framleis late det vere samfunnet sitt ansvar, ikkje den einskilde brukseigar.

Lenkje til høyringsbrevet med svarfrist 2. september. 

Høyringssvar frå høyringa om stadnamnlova i 2012.

 

 

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no