Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Høyring om NRK-plakaten

 (25.08.2014)

6. juni sende Kulturdepartementet NRK-plakaten ut på høyring. Bakgrunnen for høyringa er at regjeringa skal leggja fram ei stortingsmelding om NRK.

Kulturdepartementet ber om særlege attendemeldingar på:

1. Plakatens form: Er NRK-plakaten en egnet måte å forankre statens forventninger og krav til NRK som allmennkringkaster, eller bør dette forankres på andre måter, og i så fall, hvordan? Og videre, har plakaten et hensiktsmessig detaljeringsnivå, eller bør detaljeringsnivået justeres?

2. Plakatens innhold: Definerer plakaten NRKs mandat og samfunnsoppdrag, inkludert grensene for NRKs kommersielle handlingsrom, på en god måte, eller bør plakaten justeres innholdsmessig?


NRK er pålagt eit ålmennkringkastingsoppdrag for å stø opp om demokratiske, kulturelle og språklege behov i Noreg.

I paragraf 14 er dei språklege krava streka opp. NRK skal særleg bidra til å styrkja norsk språk, identitet og kultur (14b) og minst 25 prosent av innhaldet skal vera på nynorsk (14d)

Historisk har NRK gått føre i arbeidet med å stø opp om dialektbruk og nynorskbruk. Klåre føringar i NRK-plakaten for nynorskbruk har fungert og gjort nynorsken meir brukt og synleg enn hjå nokon annan rikskringkastar. NRK sin desentraliserte produksjon, medvitne rekrutteringspolitikk og klåre oppdrag gjer at dei framleis er svært viktige nynorsk- og dialektprodusentar. Slik er dei viktige for at nynorsken skal bli sett og lesen over heile landet.

Frå vår ståstad vil det også i framtida vera viktig med ei statleg styring av språkpolitikken i allmennkringkastingskanalane.

For Noregs Mållag er dette særskilt viktig:
- NRK skal framleis ha klåremål om minst 25 prosent nynorsk i sendingane sine. Målet skal gjelda for alle plattformer og i alle kanalar.
- NRK skal lyfta fram normert nynorsk tale
- NRK bør gje gode vilkår for NRK Nynorsk mediesenter
- NRK skal framleis ha eit godt lokalt tilbod og produsera saker lokalt.
- NRK bør halda på kravet om 35 prosent norsk musikk

- Brukarar av samisk og andre nasjonale minoritetsspråk må få eige stoff på sitt språk.

Noregs Mållag har desse utdjupande merknadene til høyringa:

- NRK skal framleis ha klåre mål om minst 25 prosent nynorsk i sendingane sine. Målet skal gjelda for alle plattformer og i alle kanalar.
Ein allmennkringkastar skal vera med på å taka vare på og styrkja norsk språk, identitet og kultur. Etter vårt syn bør ein her ta med dei presiseringane Allmennkringkastingsrådet har lagt til grunn for verksemda i NRK: Styrking av norsk språk må framfor alt innebera at det blir teke vidast mogleg i bruk i alle former: bokmål, nynorsk og dialektar, men også i ulike genrar og stilleie. Det tradisjonelle kravet om 25 prosent nynorskdel i NRK er ei påminning om at nynorsken har hevd på ein rimeleg representasjon. Det er avgjerande at me tek inn over oss at kulturen og den kulturelle utviklinga vår i stor grad blir prega av media.

På lik line med andre mindre brukte språk, så treng nynorsken plass i ålmenta, skal han verta brukt. I dag gjer det redaksjonelle nynorskforbodet i dei største riksavisene nynorsken usynleg i store delar av rikspressa, men NRK er eit heiderleg unntak.

Nynorsk og bokmål er jamstilte språk i Noreg. Men styrketilhøvet mellom dei er ulikt. Bokmålet dominerer ålmenta over heile Noreg, i større og mindre grad. Samanliknar ein dei sterke områda for nynorsken med dei svake, ser ein at nynorsken veks der han er synleg og vert brukt. Altså er meir nynorsk i ålmenta med å stø opp og hegna om nynorsken. Språket må bli sett, lese og skrive, skal det halda seg oppe. Ikkje berre lokalt, men òg nasjonalt. Det er om lag ein halv million nynorskbrukarar i landet vårt, og desse har rett til å verta tekne på alvor ved at språket deira vert brukt på alle område. Det vil gje språkleg toleranse og språkleg sjølvkjensle. Det at NRK produserer nyhendesaker, barne-tv og underhaldningsprogram på fjernsyn, radio og på internett, er med og hevar statusen til nynorsk, og gjer det lettare for nynorskbrukarar å halda på og å læra nynorsk. Det gjer òg at alle i Noreg må lesa både nynorsk og bokmål.

Gjennom eit konkret krav om minst 25 prosent må NRK arbeida systematisk med å nå dette målet. Ein av dei kanalane som har arbeidd mest målretta for å få til dette og som har lukkast, er NRK Super. Slik møter norske ungar i dag meir nynorsk og dialekt i NRK enn nokon gong før. Dette syner at kravet om 25 prosent nynorsk er viktig for å få til ein medviten politikk og ein vilje til å satsa på språkleg mangfald.

Mållaget ser det som særleg viktig at språktilbodet til dei yngste sjåarane er godt, og at ein der legg vinn på å spegla heile landet. Vi veit at mange ungdomar byter frå nynorsk til bokmål gjennom vidaregåande skule og høgskule/universitet. Mange av desse byta skriv seg frå kjensla av å vera i mindretal og at eins eige språk ikkje er «godt nok». Som ein viktig normdannar for språkbruk i Noreg, har NRK stor påverknadskraft her.

I ein ny mediekvardag med hyppige nyhendeoppdateringar på nettavisene er det særleg viktig at nrk.no held kravet om minst 25 prosent nynorsk. Me er omgjevne av skrift rundt oss, og å sjå og lese nynorsk er viktig. Difor er særleg nettsidene til NRK viktige for å nå målet i NRK-plakaten om å styrkja norsk språk. Der dei største nettavisene berre produserer nyhende på bokmål, er NRK den einaste av dei største riksmedia som produserer nyhende på nynorsk. Slik vert dei svært viktige for at nynorsk i dei heile skal vera synleg i riksmedia på nett.

For at NRK skal kunne ta det språklege ansvaret dei har, må andre tiltak inn, tiltak som både er konkret nemnde i NRK-plakaten og som tiltak som ikkje er det:

- NRK skal lyfte fram normert nynorsk tale

Noregs Mållag meiner at språket i manusbundne sendingar framleis bør vera normert som hovudregel. Der enkelte andre er opptekne av normert språk for at innhaldet skal verta forstått, er det eit heilt anna omsyn som styret synet vårt; omsynet til innlæringa av skriftspråket.

For bokmål er ikkje dette eit problem. Store delar av den synlege staben i NRK snakkar eit språk som ligg særs nært opp til skriftspråket, anten dei snakkar det i manusbundne sendingar eller andre sendingar. Nynorsk, som er ein samnemnar for dialektane i landet, står i ein heilt annan situasjon. Ingen har nynorsk som dialekt, det er alltid anten eit personleg val eller ei fylgje av manus. Det er viktig at nynorsken òg finst som eit talespråk,  og nyhenda har vore eit viktig rom for nynorsk tale.

Den største utfordringa for nynorsken er at han vert lesen og sett for lite ute i ålmenta, medan bokmålet er overalt. Nynorsk normert tale i fjernsyn og radio vil gjera nynorsken meir synleg. Ser ein og høyrer ein nynorsk rundt seg, er han lettare å læra og å halda på. Slik vil meir nynorsk normert tale kunna ha ein god pedagogisk effekt for dei som skal læra å skriva språket. Normert tale gjev også det beste utgangspunktet for å kunna sitera frå sendingane, utan rom for utilsikta meiningsendringar som kan oppstå i omforminga frå dialekt til skriftspråk.

- NRK bør gje gode vilkår for NRK Nynorsk mediesenter

Nynorsk mediesenter har sidan starten i 2004 utdanna 100 nynorskjournalistar. Slik gjer dei eit viktig arbeid for å kunne oppfylla dei krava til nynorskbruk som NRK-plakaten set. Desse journalistane er det lett å finna att i ulike delar av NRK, og dei produserer i dag nyhende eller anna innhald på nynorsk på stader der det før har vore lite nynorsk.

- NRK skal framleis ha eit godt lokalt tilbod og produsera saker lokalt

Sterke allmennkringkastarar er, slik me ser det med på å sikra eit kulturelt mangfald i framtida – ikkje minst språkleg. Den geografiske plasseringa av NRK har mykje å seia for kvar programproduksjonen skjer og for rekrutteringa av medarbeidarar. NRKs desentraliserte profil, mellom anna med distriktskontor, spelar difor ei viktig rolle for bruk av nynorsk og dialektar. Ser ein på nrk.no sine nettsider i dag, er ein stor del av dei sakene som ligg på nynorsk, produsert av eit distriktskontor med eit sterkt nynorskmiljø.


- NRK bør halda på kravet om 35 prosent norsk musikk
NRK er kanskje den viktigaste nasjonale formidlaren av norsk kultur og musikk. Mållaget vil særleg streka under NRK si rolle i å formidla norskspråkleg musikk og aktørar frå heile landet, innanfor vedtektene om at 35 prosent av musikken som vert sendt skal vera norsk.

- Brukarar av samisk, kvensk og andre nasjonale minoritetsspråk må få eige stoff på sitt språk

For brukarar av nasjonale minoritetsspråk er det særskilt viktig at språket vert sett og høyrt for at det skal kunne vera levande. Her har NRK eit særskilt ansvar. Særleg i program retta mot born og unge er det viktig å syna heile den norske språklege røyndomen i det fleirspråklege Noreg.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no