Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Språksamlingane må få ei trygg hamn

 (25.08.2014)

Noregs Mållag krev at styresmaktene no må gripa inn i handsaminga av språksamlingane og sjå til at den unike dokumentasjonen over det norske språket vert sikra for framtida, etter at UiO har forsøkt å kvitta seg med samlingane på ein veldig uryddig måte. 

Språksamlingane er for viktige til å verta ein kasteball mellom ulike institusjonar.

Dei store vitskapelege språksamlingane dokumenterer norsk ordtilfang og omgrepsverk innanfor gamalnorsk, bokmål, nynorsk, målføre og namn. Dette er avgjerande for forsking, for dei som skal forvalta språket og for alle andre som nyttar norsk i Noreg. Det er særs viktig at folket har fritt tilgjenge til språket sitt gjennom oppdaterte ordbøker som ligg opne på nett.

Alle politiske parti har forplikta seg til ein offensiv norsk språkpolitikk. Det er på høg tid at politikarane tek tak i denne saka, og ryddar opp. Ein må syta for ei trygg forankring ved ein vitskapleg institusjon med eit fagmiljø med den rette kompetansen. Og der drifta av samlinga vert sikra økonomisk. Alt anna vil vera ei språkpolitisk falitterklæring.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no