Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 24. JUNI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

NRK er viktig for nynorsk

 (26.08.2014)

 

 

 

Kulturdepartementet har varsla at dei vil laga ei eiga stortingsmelding om NRK. Mållaget peikar på at NRK-plakaten har vore ein suksess med tanke på å syna fram nynorsk og dialekt i heile Noreg.

– Klåre føringar i NRK-plakaten for nynorskbruk har fungert og gjort nynorsken meir brukt og synleg enn hjå nokon annan rikskringkastar, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag i ei pressemelding. NRK sin desentraliserte produksjon, medvitne rekrutteringspolitikk og klåre oppdrag gjer at dei er svært viktige nynorsk- og dialektprodusentar. Satsinga på NRK Super er eit godt døme på dette. NRK er viktig for at nynorsken skal bli sett og lesen over heile landet.

– Styrking av norsk språk må framfor alt innebera at det blir teke vidast mogleg i bruk i alle former: bokmål, nynorsk og dialektar, men også i ulike genrar og stilleie. Kravet om minst 25 prosent nynorskdel i NRK er ei påminning om at nynorsken har hevd på ein rimeleg representasjon. Det er avgjerande at me tek inn over oss at kulturen og den kulturelle utviklinga vår i stor grad blir prega av media, seier Marit Aakre Tennø.

Noregs Mållag krev difor at: 

- NRK skal framleis ha klåre mål om minst 25 prosent nynorsk i sendingane sine. Målet skal gjelda for alle plattformer og i alle kanalar.
- NRK skal lyfta fram normert nynorsk tale.
- NRK bør gje gode vilkår for NRK Nynorsk mediesenter i Førde.
- NRK skal framleis ha eit godt lokalt tilbod og produsera saker lokalt.
- NRK bør halda på kravet om 35 prosent norsk musikk.
- Brukarar av samisk og andre nasjonale minoritetsspråk må få eige stoff på sitt språk.

Nynorsk og bokmål er jamstilte språk i Noreg. Men styrketilhøvet mellom dei er ulikt. Bokmålet dominerer ålmenta over heile Noreg, i større og mindre grad. Samanliknar ein dei sterke områda for nynorsken med dei svake, ser ein at nynorsken veks der han er synleg og vert brukt. Altså er meir nynorsk i ålmenta med å stø opp og hegna om nynorsken. I dag gjer det redaksjonelle nynorskforbodet i dei største riksavisene nynorsken usynleg i store delar av rikspressa, men NRK er eit heiderleg unntak.

NRK er pålagt eit ålmennkringkastingsoppdrag, både for å stø opp om demokratiske, kulturelle og språklege behov i Noreg. Historisk har NRK gått føre i arbeidet med å stø opp om dialektbruk og nynorskbruk. NRK skal særleg bidra til å styrkja norsk språk, identitet og kultur, og minst 25 prosent av innhaldet skal vera på nynorsk. NRK har òg ansvar for styrkja den samiske språkarven.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no