Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. JUNI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Debatt om framtida for språksamlinga

 (28.08.2014)

I kveld klokka 19 på Litteraturhuset i Oslo er det ein viktig debatt om framtida for språksamlingane ved UiO. Med mellom andre Trine Skei Grande i debattpanelet. 

Den 11. juni i år avgjorde Universitetet i Oslo at dei ikkje lenger vil ta ansvaret for dei store ord- og namnesamlingane som har vore knytte til institusjonen sidan 1970-talet. Dette har skapt sterke reaksjonar og mykje diskusjon.

Språksamlingane er sette saman av ordboksverka for gamalnorsk, bokmål og nynorsk, namnearkiva og samlingane etter Målførearkivet.

Kva må til for å sikra framtida til desse samlingane? Og kva blir konsekvensane dersom dei ikkje blir drifta vidare?

I panelet sit:

- Åse Wetås (Norsk Ordbok 2014)
- Daniel Ims (Språkrådet)
- Trine Skei Grande (V)
- Kristian-Emil Kristoffersen (UiO)

Ordstyrar for kvelden er Jens Kihl.

Les meir på heimesida til Oslo Mållag

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no