Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 28. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Useriøst av Oslo Ap

 (29.08.2014)

– Kva som skal vere innhaldet i skulen er bestemt i nasjonale læreplanar. Det er berre eit år sidan læreplanen i norsk vart revidert. Etter fleire år med grundige og faglege vurderingar, landa styresmaktene på å halde på ordninga med tre karakterar i norsk. Difor er det merkeleg at Oslo Ap no ynskjer å gå til omkamp på dette, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag.

I dag vart det kjent at eit programframlegg til Oslo Ap var å slå saman tre norskkarakterar til ein karakter i ungdomskulen. 

– Dei veit at det vil gå mange år før denne læreplanen blir revidert på nytt og dei veit at dette spørsmålet ikkje høyrer heime i lokalpolitikken. Når dei så dyttar elevane framføre seg og hevdar at mange elevar ser på sidemålsundervisninga som ei ”unødvendig plage” er det direkte useriøst. Oslo AP snakkar ned innhaldet i skulen. Korleis forventar Libe Rieber-Mohn at elevane skal få betre haldningar til sidemålsundervisninga når ho går ut på denne måten, spør Marit Aakre Tennø.

– Det at vi har to skriftspråk med kvart sitt historiske og språklege opphav og kvar sin skriftkultur gjer norskfaget krevjande. Mållaget er også uroa over arbeidspresset lærarane har. Men å svekkje sidemålsopplæringa, er å svekkje nynorsk som offisielt språk, seier Marit Aakre Tennø.  

At bokmålsmajoriteten i Noreg får skriftleg opplæring i mindretalsspråket nynorsk, er sentralt for å ta vare på språkrettane til nynorskbrukarane. Nynorsk er i dag fyrstespråket til om lag ein halv million menneske. Nynorsken vert brukt av institusjonar og einskildmenneske i alle deler av samfunnet, men overlever ikkje som bruksspråk med mindre fleirtalet er viljug til å læra seg språket. Difor er ordningar som minkar krav til nynorskkunnskap ikkje anna enn nedbygging av nynorsken. Ein rapport tinga av Utdanningsdirektoratet slår fast at manglande nynorskkunnskapar er eit trugsmål mot opplæringa av nynorsk som hovudmål ute i skulane.

– Oslo Ap har sove i timen. Om dei verkeleg er uroa for haldningane til nynorsk i skulen treng dei ikkje gå lengre enn til Holmlia skole, som for nokre år sidan hadde eit svært vellukka forsøk med sidemål i andre fag enn norsk. Noregs Mållag vil veldig gjerne gjere denne ordninga nasjonal og meiner Oslo Ap framleis har tid til å snu for å få til gode tiltak for at òg Oslo-elevane skal verta gode i og glade i begge dei to norske språka våre.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no