Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk mediesenter 10 år!

 (01.09.2014)

I dag feirar Nynorsk mediesenter 10 år. Me ynskjer til lukke med dagen. Takk for alle dei 100 nynorskpraktikantane de har sendt ut i medie-Noreg!

Nynorsk mediesenter vart opna i Førde 2. september av dåverande kulturminister Valgerd Svarstad Haugland. Nynorsk mediesenter skriv dette om oppstarten: 

Nynorsk mediesenter var ein idé som vart vedteken i NRK-styret før han var utgreidd, og tredd nedover hovudet på NRK-leiinga i 2002/03, som samstundes måtte gje opp planane om å legge NRK Sogn og Fjordane under Bergen. Dei vart stoppa av generalforsamlinga, og styret skjønte at ho meinte alvor. 

Idéen bygde på mange års røynsle med å lære opp nynorskbrukande journalistar ved distriktskontoret i Førde, journalistar som var ettertrakta både i og utanfor NRK. Vi fekk ei nynorskpraktikantstilling som påskjøning for arbeidet. Men vi meinte vi kunne gjere meir med å sette opplæringa i system, i ein redaksjon og eit fylke der nynorsk er det naturlege språket.

Nynorsk mediesenter vart halmstrået som redda sjølvstende for NRK Sogn og Fjordane og sette nynorsken meir på kartet i NRK. Trass i at vi kom til i ein hard strid har vi aldri møtt problem av den grunn i NRK. Det er ei forståing for at vi trengst, takka vere at dei vi sender frå oss er gode ambassadørar.

I høve 10-årsjubileet er det laga eit eige festskrift for Nynorsk mediesenter. Her er det mykje spennande å lese. Vi mimrar oss tilbake til oppstarten, og har teke fram bilete av det alle fyrste praktikant-kullet som synte seg fram i nye T-skjorter denne flotte haustdagen for 10 år sidan.   

Frå venstre: Inger Johanne Sæterbakk, Eli Bjelland, Knut Åge Teigen, Maria Rivedal og Svein Ove Hansli. (Foto: Norsk Tidend)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no