Hått halling til Odda!
(03.09.2014)

No er det klart at Heidi Molstad Andresen frå målprosjektet Hått halling i Hallingdal kjem til haustseminaret i Odda.

Heidi Molstad Andresen skal snakke om alle dei spanande måltiltaka dei har sett i gang i Hallingdal, kva mottaking dei har fått, og korleis dei arbeider vidare.
Hått halling er eit målprosjekt som Buskerud Mållag står bak. Heidi Molstad Andresen leiar prosjektet, og vart intervjua om prosjektet i Norsk Tidend i vår.
I tillegg til henne vil Maria Søndrål fortelje korleis nynorsken vann skulemålsrøystinga i Holet krins i Hol kommune i april, og kva utfordringar ho ser for nynorsken der.
Begge desse innleiingane vil gje eit godt innblikk i målarbeidet i Hallingdal, ei av dei viktige randsonene for nynorsken.
Har du eller nokon du kjenner lyst til å høyre meir om dette og andre aktuelle målpolitiske emne? Sjå innom Haustseminaret i Odda og meld deg på.
|