Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

I dag er det oppstartsmøte på Bømlo

 (25.09.2014)

På Bømlo har mållaget heile 32 medlemer. No meiner Astrid Olsen og Hordaland Mållag at tida kan vere inne for å få til eit eige lokallag.

Hordaland Mållag er det klart største fylkesmållaget i Noregs Mållag. Fylkeslaget har heile 2936 medlemer over heile fylket. Nokre av våre lokallag er veldig aktive, andre har lågare aktivitet. Men det er heilt klart at nynorsken vert styrkt av å ha lokallag rundt om i heile fylket.

– No ber me inn til oppstartsmøte i Bømlo Mållag onsdag 1. oktober klokka 18 på Bømlo kulturhus. Me har på førehand vore i kontakt med fleire medlemer og andre, og me veit at det er interesse for å få til eit lag, fortel Astrid Olsen, leiar i Hordaland Mållag.

På oppstartsmøtet kjem ho og Ingar Arnøy frå Noregs Mållag.

Ta gjerne kontakt med Astrid Olsen om det er noko du vil spørje om på førehand. Kanskje du har nokre gode råd på vegen. Hennar telefonnummer er 988 69 058.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no