Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. JULI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ein milestolpe

 (26.09.2014)

BUL i Oslo opnar Nynorskens hus 26. september. Målet er å lage eit nynorsk kulturhus i hovudstaden.

For nokre år sidan tok Bondeungdomslaget i Oslo grep. Bygningsmassen fekk eit løft, og nyskapinga Den mangfaldige scenen såg dagens ljos. Det vart meir liv i ungdomslaget, men helst litt i det små. Om ein tenkte på det fantastiske bygget i Rosenkrantz’ gate 8, så var det framleis idrottslaget, hotellet og husflidsbutikken som dukka opp i minnet.

No er eit nytt løft på gang. Fleire stader i bygget skal det målast og flikkast, både i forretningsdelen og i Bondeungdomslaget sin del. Det skal kome nye dører i inngangen til Teatersalen, det kjem ein heis, lagsrommet er nytt, kontora skal ryddast og ordnast, ventilasjonssystemet utbetrast og etterkvart ny lyd- og lysrigg over scena. På sikt er draumen at også heile scena skal bli ny.

– Den gongen var me ved eit vegskilje, fortel Liv Hege Skagestad, plan- og utviklingsansvarleg i BUL.

– Skulle me gje opp kulturarbeidet, late andre ta seg av det og gjere salen om til eit konferansesenter? Eller skulle me prøve å få attende noko av den rolla me hadde tidlegare, der folk kom til møte, debatt og underhaldning? Det var jo ikkje eit særleg vanskeleg val, men me måtte stake ut ei retning me ville arbeide etter. Den mangfaldige scenen var noko nytt, me søkte samarbeid med andre miljø, me søkte utover. Og det har vore ein suksess.

– Men no vil de vidare?

– Ja, for det vart i det stille. Me har hatt mykje og god aktivitet i desse åra, men det har ikkje heilt nådd ut. Så me byrja å leite etter måtar å få meir trøkk i arbeidet vårt, bli større og meir synlege. Og ikkje minst finne ut kva som skal vere rolla vår, seier Skagestad.  

 

Jon Fosse

Samstundes med at BUL byrja på dette arbeidet, møtest Kai Johnsen, Jon Fosse og folk i BUL. Johnsen hadde tidlegare vore involvert i Den mangfaldige scenen. Fosse hadde for nokre år sidan skrive det som han seier skal vere det siste stykket sitt, Hav. Dei pratar om at det hadde vore fint om stykket kunne ha blitt spelt i ungdomshus. Og kva hadde ikkje vore betre enn å spele det i ein av dei finaste ungdomssalane i landet, Teatersalen til BUL i Oslo.

Ideen blei lagt fram for lagsstyret i BUL. Dei vart sjølvsagt ikkje anna enn overbegeistra for framlegget. Å setje opp eit stykke av Jon Fosse, og til og med vere hovudprodusent for produksjonen, ville vere det signalet den nye satsinga trengte. Etter å ha hatt premiere under festspela i Bergen, skal no stykket setjast opp i Teatersalen i månadsskiftet september/oktober.  

– Det var Fosse som fyrst nemnde på dette med namnet, Nynorskens hus. Han har jo snakka om å lage noko slikt i Bergen, så for han er det nok ein gamal idé. Me i BUL likte dette namnet. Det er så stort, så viktig, og seier noko om ambisjonsnivået. Årsmøtet i BUL meinte det same, og sidan mars har me arbeidd med å få Nynorskens hus opp og stå.

 

Vil samarbeide med andre miljø

– Det er eit stort namn?

– Det fine er nett at det femner så vidt. BUL står på ulike bein, det er som om huset femner om heile mennesket. Det er idrott, mat, klede og kultur. Dessutan er det eit inviterande namn. Skal me lukkast med dette, må me ha samarbeid med andre miljø og folk med ulik kompetanse og bakgrunn. Den mangfaldige scenen er eit slik samarbeidsprosjekt. Produksjonen av Hav er jo også eit godt døme, sidan me har produsert framsyninga saman med Det Norske Teateret, Hordaland Teater og Festspillene i Bergen. Her har kulturdelen i BUL også mykje å lære av idrottslaget. Dei har folk i verdseliten, er mellom dei største barne- og ungdomsorganisasjonane i landet og dei har eit tilbod til psykisk utviklingshemma. Me vil lage ein møteplass som går på tvers av miljø og generasjonar.

– Kva møte snakkar du om då?

– Det er møta som skjer gjennom kurs og produksjonar, mellom publikum og framsyningar, det er ordskifte og konferansar, og det kan vere forsking. Huset skal vere ein aktør i utviklinga av Noreg, ein heim for mange, ein arena der folket si røyst kjem til uttrykk. Me vil utforske ulike innfallsvinklar til nynorsk kultur, folkekultur og til motkultur generelt. Det finst sterke institusjonar og organisasjonar i denne rørsla, men me har ikkje lyst til å bli ein institusjon. Me vil halde fram med å vere ein møteplass mellom profesjonelle og amatørar, ein arena for samarbeid. Me opnar skotta mellom forretningsdrifta og lagsarbeidet. Saman med Det Norske Teatret skaper me eit nynorsk kulturkvartal i hovudstaden. Me har teke eit val og teikna opp ein ambisjon. Me opnar no, og så skal me etter fire år sjå kvar me står.

– Og kvar trur du de står?

– Eg er realist og veit at me er små. Men når me kan vere hovudprodusent for ein verdspremiere for eit stykke av ein verdskjend dramatikar, så er det ikkje slik at eg mister trua. Tvert imot. Dette er ei stor inspirasjonskjelde for vidare utforsking og formidling av folkekultur i Noreg.

Les meir om Nynorskens hus. 

Artikkel i Norsk Tidend 4 / 14 skrive av Kjartan Helleve
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no