Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Stort og stygt?

 (26.09.2014)

Korleis målrørsla kan møte kommunereforma. Eller: Kva vi lærte av Berge Furre. 

I 1967 kom det ut ei lita bok med mjuke permar på Samlaget. Boka var ikkje utstyrt med forfattarnamn på omslaget, og framsideillustrasjonen var av det enklare slaget: Åtte piler ut frå eit sentrum der nokon hadde plassert ein prestekrage (av alle ting). Namnet på boka gjorde heller lite for å pirre lesaren: Likevel er Målreising 1967 noko av det viktigare som er kome ut av mållitteratur.

Etter eit tiår der intern strid og tilbakegang hadde dominert målrørsla, sette styret i Noregs Mållag i 1966 ned ei nemnd som skulle greie ut tilhøvet mellom målsak og samfunn, og særleg sjå på dei store strukturendringane som var i ferd med å utspele seg framfor auga på alle målfolk: Sentralisering, medlemskap i EF, den engelskspråklege kulturinvasjonen og sjølvsagt spørsmåla om samnorsk og vår heimlege målstrid. Ryktet skal ha det til at lite blei gjort før nemndsleiaren, 29-åringen Berge Furre, sperra nemnda si inne på ei hytte på Hadeland i ei veke. Resultatet blei ei bok som fornya, forenkla og forbetra målstriden, for å låne eit slagord frå dagens regjering.

Sjølv om folk som Sigmund Skard allereie var i godt driv med å analysere dei store samfunnsendringane med målbrillene på, blei Målreising 1967 viktig på ein annan måte: Fordi heile poenget var å drive fram ein debatt om korleis organisasjonen Noregs Mållag skulle forstå – og påverke – si eiga samtid, fekk den vesle, oransje boka større organisatoriske konsekvensar enn anna tankeverksemd frå same epoke. Det kan likevel sjå ut til at ein oppdaga trugsmåla i seinaste laget.

I 1957 var det 680 heradskommunar, 64 bykommunar og attpåtil ein og annan ladestad. Femten år seinare var talet nesten halvert, utan at det ser ut til at målrørsla på noko tidspunkt engasjerte seg særleg sterkt i arbeidet med (eller kanskje mot) kommunesamanslåingar. Schei-nemnda fór med hard hand over landet, og mange nynorskkommunar forsvann inn i bykommunane dei grensa til. Nynorskkommunar rundt til dømes Bergen og Haugesund blei effektivt integrerte i byen, og innbyggjarane blei etter kvart språkleg assimilerte inn med fleirtalet.

Kanskje gjorde målrørsla ein stor tabbe her. Men kanskje gjorde dei noko rett òg: Når dei fyrst oppdaga kva som var i ferd med å skje, laga dei seg ein vegg-til-vegg-analyse av stoda. I staden for å sjå kommunereforma som den store skurken, såg dei korleis reforma ikkje var noko anna enn eit uttrykk for den sentraliseringa som uansett fann stad. Den gode analysen blei følgt av lure tiltak, og kampsakene blei rulla ut på rekkje og rad: Distriktshøgskular, kamp mot EF-medlemskap, ny mållov, distriktskontor i NRK, lærebøker på nynorsk. Og målrørsla vann. Igjen og igjen. Sjølv om talet på nynorskbrukarar heldt fram med å gå ned, bygde målrørsla eit betre fundament for dei som faktisk ønskte å halde på nynorsken. Og det er jo ein god del.

Ein kan spørje seg om Noregs Mållag gjekk for langt i lobbyistisk retning. I 2006 feira mållaget hundreårsjubileum. Nynorsk pressekontor nytta høvet til å intervjue Einar Økland om jubilanten. Han peika på ei viktig utfordring for mållaget: ”Historisk sett har Ma°llaget vore uma°teleg viktig som lobbyist i høve til statsadministrasjonen. Men det har ført til at Noregs Ma°llag har ei litt for sterk tru pa° at ein kan regulere landet gjennom lover og reglar i det offentlege, og sa° har ein forsømt tilsvarande mange andre teigar”, meinte heidersmannen Økland. Det kan vere noko i det, men det er ikkje tvil om at arbeidsdelinga har vore viktig. Frå mi eiga tid som leiar av Norsk Målungdom kan eg hugse debattar om sidemål, der eg stadig blei møtt med argumentet om at ”Are Kalvø har gjort meir for nynorsken enn Noregs Mållag nokon sinne kjem til å gjere” (som om det skulle vere eit argument for å leggje ned sidemålsordninga). Eg vil likevel driste meg til påstanden om at denne fordelinga har noko for seg: Are Kalvø skriv satire, Noregs Mållag skriv høyringssvar. Det er ikkje anna enn Ricardos lov om komparative fortrinn, dette.

Desse erfaringane er kanskje banale, men dei er viktige å ta med seg også i arbeidet med kommunereforma: Noregs Mållag må ha ein analyse av heile samfunnet (eller i alle fall delar av det), ein må finne ut kva ein er best på (og så gjere det), og ein må sjå at alt ikkje alt kan ordnast med ein lovtekst (men at det likevel er ein god start).

Den sitjande regjeringa syslar for tida med å setje ut i live ei større kommunereform, der målet er større og sterkare (eller ”meir robuste”, huttetu) kommunar. Denne prosessen er støtta av eit fleirtal i folket, i følgje ei undersøking utført for Bergens Tidende: 52 prosent er for kommunesamanslåingar, og berre 27 prosent er negative. Heller ikkje Noregs Mållag går i mot reforma, landsmøtevedtaket frå 2014 avgrensar seg til å ”åtvara mot kommunesamanslåingar som avgrensar nynorsk administrasjonsmål”.

Saman med jusprofessor Kåre Lilleholt arbeider eg for tida med ein rapport om korleis ei kommunereform vil slå ut for nynorsken. Det er framleis litt tidleg å seie noko særleg om dei eksakte konsekvensane – vi veit jo ikkje kva kommunar som faktisk endar opp med å slå seg saman eller kva nye oppgåver kommunane skal få.

Men vi veit dette: Nynorsken treng eit sterkt, formelt vern i lovverket. Ei lov åleine er ikkje nok, men det er ein start. Og mållova frå 1980 er skreddarsydd for å tilby dette vernet. Til dømes skal offentlege etatar med eit regionalt arbeidsområde nytte fleirtalsmålet i regionen, målt etter kommunale språkvedtak. Slik endar Hordaland opp med å vere ein nynorskspråkleg fylkeskommune, fordi fleirtalet av kommunane har nynorsk som tenestemål, sjølv om eit fleirtal av innbyggjarane til vanleg nyttar bokmål. Ei storstilt samanslåing av folkefattige kommunar kan med andre ord få store konsekvensar for nynorsken – konsekvensar det er lite truleg at nokon eigentleg har sett føre seg (og langt mindre ønskt seg). Dette kan gje store konsekvensar for alt frå helseføretak via flyplassar til vinmonopol, og målrørsla bør ha eit svar på korleis det skal møtast.

Slik held ein fram: I folkebiblioteklova er det slått fast at kvar kommune skal ha minst eitt bibliotek. Om talet på kommunar går frå 428 til 100, er det mange bibliotek som må pakke saman. Kva vil det eigentleg ha å seie for nynorsken om bibliotekarane forsvinn saman med kommunegrensene? Den typiske lokalavisstrukturen i Noreg er slik at avisene i same område ofte har same eigar. Kva skjer den dagen Amedia, Polaris Media, Schibstedt eller nokon andre oppdagar at dei sit med to-tre lokalaviser i éin og same kommune? Stadig fleire nynorskkommunar går over til å undervise vaksne innvandrarar på nynorsk i staden for bokmål. Kan det halde fram dersom kommunen blir ein del av ein større kommune med bokmålsfleirtal?

Sannsynlegvis vil mange fleire nynorskbrukarar etter denne reforma bu i ein kommune som har bokmålsfleirtal. Då bør det helst ikkje gå som i Åsane, der nynorsken gradvis har forsvunne etter at kommunen blei ein del av Bergen – sjølv om det sjølvsagt er fleire grunnar enn kommunesamanslåinga til at nynorsken er under press rundt ein storby. Det må vere eit statleg ansvar å ta vare på språka våre, og det bør stillast heilt klare vilkår for kva ansvar ein kommune har når det gjeld å leggje til rette for nynorskbrukarane, og alle som i dag kommuniserer med det offentlege på nynorsk, bør få halde fram med det.

Det finst alltid dei som uroar seg for framtida til nynorsken. Under striden om norskfaget uttalte dåverande kunnskapsminister Kristin Halvorsen at ”vi må ta denne diskusjonen skikkeleg no, elles kjem det til å gå ti- tjue år, og så er nynorsk borte som skriftspråk i Noreg”. Men målrørsla bør ikkje bruke kreftene på å uroe seg – det finst nok av andre som tek seg av slikt. I staden bør ein skride til verket med trua på at dei gode argumenta vinn debatten (men at det ikkje skader å drive litt lobbyisme på bakrommet for å vere på den sikre sida).

Jens Kihl

Kronikken stod på trykk i Norsk Tidend 4 / 14
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no