Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. JULI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Pedagogiske fordelar ved Odda-modellen

 (02.10.2014)

Eg er tidlegare elev ved Odda Ungdomsskole og dermed produkt av Odda-modellen. Eg var ikkje klar over at eg er eit produkt av ein unik modell før eg fekk ein telefon i fjor haust. 

Det var min tidlegare religionslærar på Odda vgs, Knut O. Dale, som de nok kjenner best som leiaren i Odda Mållag. Han ringde for å fortelja at somme av lokalpolitikarane i Odda tok til orde for å slå saman bokmåls- og nynorskelevar i same klasse og hyrte meg til å halda innlegg på eit møte om dette i Odda i fjor haust.

Eg vart ganske paff over problemstillinga, for eg trudde at ungdomsskuleelevar hadde same rettar som barneskuleelevar til språkdeling og undervising på hovudmålet sitt. Eg trudde heller ikkje det var lov å byta målform før vgs. Eg diskuterte dette med nokre kollegaer i nordiskmiljøet på instituttet som sjølv har undervist i språkblanda ungdomsskuleklassar.

Dei forklarte meg vilkåra for nynorskelevar i såkalla språknøytrale kommunar, som ofte ligg i randsonene til bokmålsområde, og der nynorskelevane ofte vert stemoderleg behandla fordi dei har få lovfesta rettar i høve til opplæring i hovudmålet sitt.

Det gjekk då opp for meg at eg har levt eit beskytta og privilegert liv som ungdomsskuleelev i Odda, og at det eg tok for gitt den gongen, at eg gjekk i ein klasse der alle skreiv nynorsk, og der alle faglærarane underviste på nynorsk, var eit gode som andre nynorskelevar i språknøytrale kommunar berre kan drøyma om.

Som følgje av at Odda kommune tok målforma mi på alvor, utvikla eg eit sterkt eigarskap til nynorsken. Den dag i dag bruker eg nynorsk i alle samanhengar, frå sms til forsking og undervising. Eg har òg halde fleire nynorskkurs for grunnfagsstudentar i nordisk ved UiB, der både bokmåls - og nynorskbrukarar deltek, og eg har retta mange bunkar med nynorskoppgåver skrivne av nordiskstudentar.

Det er på bakgrunn av alt dette at eg har gjort meg nokre tankar om dei pedagogiske fordelane ved Odda-modellen, tankar som eg vil dela med dykk i dag. Desse tankane er som følgjer:

Ein nynorskelev vil før eller seinare innsjå det faktumet at: Å skriva nynorsk er å skilja seg ut. For somme nynorskelevar slår denne erkjenninga inn med full kraft når dei begynner å studera, for andre når dei begynner på ungdomsskulen.

• Bokmål er det skriftbiletet ein generelt forventar seg å sjå i Noreg. Vi kan seia at bokmål er umarkert.

• Det nynorske skriftbiletet er markert, fordi bokmålstekstar dominerer i samfunnet, og bokmålsnære dialektar dominerer i massemedia. På somme område er nynorsk mest ikkje-eksisterande (til dømes bruksanvisingar) eller i verste fall ikkje tillate (til dømes riksavisene).

• Når nynorskeleven skal begynna å studera eller jobba, kan han risikera at dei einaste nynorsktekstane han les jamleg, er dei han eventuelt skriv sjølv.

• I mange samanhengar kan ein bli sedd på som i beste fall ein kuriositet om ein nyttar nynorsk.

• Det er krevjande å velja å vera ein språkleg minoritet og dermed bryta med mottakarforventingar og etablert språkpraksis, særleg når majoriteten er så stor og til dels så lite velvillig.

• For å greia å stå mot bokmålspresset må vera ein trygg nynorskbrukar.

Kva vil det seia å vera ein trygg nynorskbrukar?

• Trygg1 nynorskbrukar:

• Skriv sikker og god nynorsk, meistrar skriftspråket på alle nivå

• Bøyer verb, substantiv og adjektiv rett

• Nyttar nynorske ord og fagtermar

• Uttrykkjer seg med nynorsk setningsbygnad og einskapleg stiltone

• Kan greitt setja om tekstar på bokmål eller framandspråk til god nynorsk

• «teknisk god i nynorsk»

• Trygg2 nynorskbrukar:

• Torer å skriva nynorsk i alle samanhengar fordi han er trygg på at nynorsk er:

• Akseptabelt (om enn ikkje alltid akseptert av alle)

• Gangbart

• Brukbart

• Likeverdig med bokmål i alle samanhengar, dvs. at han er fullt klar over at alt som kan uttrykkjast på bokmål (eller engelsk for den del), kan uttrykkjast like presist og nyansert på nynorsk

• «nynorsk sjølvtillit»

• Ein verkeleg trygg nynorskbrukar er trygg på begge måtar!

• Vekselverknad: er du teknisk god i nynorsk, hjelper det på den nynorske sjølvtilliten din

• har du nynorsk sjølvtillit, torer du å skriva nynorsk i fleire samanhengar, og viss du skriv nynorsk i fleire samanhengar, som meir formelle, akademiske og offisielle, blir du støare i språkføringa fordi du då slår meir opp i ordboka, og i andre hjelpemiddel, i motsetnad til om du nyttar nynorsk berre til handlelister og dagbokskriving.

• Dette er målet for nynorskelevane, at dei i løpet av skulegangen utviklar seg til å bli trygge i hovudmålet sitt.

• Nynorsk sjølvtillit er viktig fordi:

Vi finn mange døme på open og meir kamuflert hets mot nynorsk. I og med Internett er denne hetsen blitt mykje meir synleg, for både unge og vaksne nynorskbrukarar.

• Mobbinga av nynorsk er til dels svært grov, likevel kan det verka som om det i store grupper av samfunnet er aksept for dette, eller om ikkje anna, likesæle til det.

• Utholing av rettane til nynorskbrukarane går føre seg på tallause område og på tallause måtar. I eit slikt klima sit det langt inne for mange å krevja sine lovfesta rettar som nynorskbrukar, dette gjeld ikkje minst elevar og studentar.

• Ungdomsskulen bør vera ein arena der målforma til elevane ikkje er under debatt, og der elevane med føresette slepp å måtta stå på krava og vera «brysame» for å få ei rettvis ordning.

• I reine nynorskklassar treng ein aldri å forsvara den språklege identiteten sin eller krevja sin rett til å få fullverdig undervising på hovudmålet sitt. Ein slags «fredeleg nynorsk-oase»

• Dersom ein slår saman bokmåls- og nynorskelevar i same klasse på ungdomstrinnet, vil dette kunna få negative konsekvensar for nynorskelevane.

• Dei misser det godet det er at nynorsk er sjølvsagt og udiskutabelt, eit gode som er sjeldan vare i andre samanhengar.

• For korleis skal ein handtera språkblanda klassar i praksis? Til dømes elevaktivitetar som skriftlege gruppearbeid og sams framføringar for klassen:

• Kva målform vel elevane å uttrykkja seg på i slike samanhengar, dersom gruppa består av både bokmåls- og nynorskelevar. 

• Nynorskelevar kan vanskeleg argumentera med at dei ikkje forstår bokmål.

Men bokmålselevar vil kunna hevda at dei ikkje forstår nynorsktekstane dei vert presenterte for i undervisinga, kanskje ut frå eit par ukjende ord, som til dømes ‘røyndom’.

Dette set læraren og dei nynorske medelevane i klemme, for dette er eit kraftfullt argument, endå om det ikkje alltid er relevant. Det handlar i slike tilfelle meir om manglande vilje til å forstå enn om manglande evne til å forstå.

Men dilemmaet oppstår likevel, sidan formålet med språk først og fremst er kommunikasjon, å gjera seg forstått hjå tilhøyraren.

Dersom tilhøyraren trekkjer forståelegheita av språket ditt i tvil, kjem du i ei språkleg krise: Skal du halda på den språklege identiteten sin og risikera at kommunikasjonen bryt saman, eller skal du tilpassa deg for å gjera deg betre forstått?

• I språkblanda klassar kan fokuset dermed verta dreia frå språkleg innhald til språkleg målform, og dette er ikkje i nokon si interesse. Det vert mykje støy rundt noko som eigentleg ikkje burde ha vore noko tema, og som ikkje er noko tema i måldelte klassar.

• Effektiv og god læring føreset at ein kjenner seg trygg og akseptert. Klassemiljøet er ein viktig faktor for korleis ein gjer det på skulen. Eventuelle konfliktar rundt målbruken i klassen vil kunna verka øydeleggjande for læringsprosessen.

• Opplæringslova § 2-5 seier at eleven frå og med 8. trinn sjølv kan velja målform.

• Det vil seia at ein som 13-åring kan bestemma seg for å byta hovudmål, på eit stadium der ein enno er fersk i skrivekunsten.

• Eg meiner det er for tidleg. Elevane risikerer å velja vekk nynorsk før dei har testa han skikkeleg ut.

• Når elevane kjem på vidaregåande, har dei betre grunnlag for å ta stilling til kva målform dei ønskjer å uttrykkja seg på, sidan dei då har breiare erfaring med å uttrykkja seg skriftleg om ulike abstrakte og konkrete tema, og har eit meir omfattande nynorsk fagvokabular. Særleg om dei har gått i ein rein nynorskklasse!

• Elevane på ungdomstrinnet er i ein sårbar og påverkeleg fase av livet. Jamaldrande har stor påverknadskraft, og gruppepresset, særleg innanfor eigen skuleklasse, er tungt å stå imot, ikkje minst dersom kameratane går over til bokmål.

• Kvifor byter elevar målform frå nynorsk til bokmål? Er nynorsk så mykje vanskelegare enn bokmål?

• Nei!

• Nynorsk grammatikk er på mange måtar enklare enn bokmålsgrammatikken

• meir einskapleg substantivbøying

• konsekvente reglar for samsvarsbøying av perfektum partisipp

• konsekvente reglar for bøying og formkombinasjonar i hokjønn

• Problemet er at ein alt for sjeldan ser det nynorske skriftbiletet, og at ein alt for sjeldan høyrer opplesen nynorsk, eller nynorsknære dialektar. Grunnlaget for å produsera nynorsk sjølv er dermed for spinkelt, det er mangel på språklege førebilete.

Nynorskelevane opplever at dei kan bokmål, for det er den målforma dei er vane med å sjå i dei fleste samanhengar, og dei er vane med å høyra bokmålsnære dialektar i tv, radio, film med meir. Dermed blir det lett for dei å byta målform.

• Ifølgje Utdanningsdirektoratet er kompetansemåla i norsk etter fullført 10. klasse mellom anna desse:

• Eleven skal kunna uttrykka seg med eit variert ordforråd og meistra formverk, ortografi og tekstbinding. Vidare skal han kunna skriva kreative, informative, reflekterande og argumenterande tekstar på hovud- og sidemål med grunngjevne synspunkt og tilpassa mottakar, føremål og medium.

• Slik kunnskap kjem ikkje av seg sjølv. Skal desse ambisiøse kompetansemåla bli nådde, treng nynorskeleven mange og gode førebilete på si eiga målform.

• For dersom elevane ikkje møter nok nynorsk på ungdomstrinnet, går det ikkje automatikk i skrivinga; dei greier ikkje å produsera nynorsk sjølve utan å bruka mykje tid og krefter på å grubla på «kva det heiter på nynorsk».

• Det er jo slik når ein skriv, at ein som regel er mykje meir oppteken av det språklege innhaldet enn av den språklege forma.

• Det er vanskeleg og frustrerande å skriva resonnerande tekstar med abstrakt innhald dersom ein stadig må problematisera forma til teksten, det vil seie korleis ein bøyer verbet, kva kjønn substantivet har, kva det nynorske erstatningsordet er, korleis ein skal unngå s-genitivskonstruksjonar og så bortetter.

• Slike operasjonar bør helst gå relativt automatisk, elles vert det for tungvint for eleven.

Nynorskelevar treng derfor all den nynorsken dei kan få!

• På ungdomsskulen lærer ein òg mange nye fagtermar. Dersom elevane vert presenterte for den nynorske versjonen av termen når dei lærer om fenomena termen refererer til, er det den som vil festa seg best hos elevane og det er lettare for eleven å halda fram med å skriva nynorsk i faget etter ungdomsskulen, sjølv om det skulle bli undervist i på bokmål på vidaregåande. Elevane treng å sjå fagtermane skrivne på tavla og i utdelt materiell, og å høyra læraren og medelevar lesa nynorske fagtekstar høgt. Det er ikkje nok å ha nynorske lærebøker i dei ulike faga.

• Det er meir sannsynleg at elevane kjenner seg trygge på at nynorsk er like brukbart og gangbart som bokmål i alle samanhengar, og at dei føler meistring når dei sjølve produserer nynorsk, når dei har møtt det nynorske skriftbiletet, og høyrt nynorske termar bli uttalte, konsekvent i alle fag.

• Vi kan seia at fagorda er skjelettet i faget.

• Men ord som læraren normalt ikkje vil definera som fagord, kan òg vera fagspesifikke, det vil seie at dei førekjem berre i eitt eller eit par av skulefaga, fordi dei er knytte til spesielle tema.

• Desse fagspesifikke orda vert nytta til å forklara fagorda, eller faget meir generelt, til dømes ord som reagensrøyr, gjer greie for, utrekning, oppløysing, avgjerd, tilråding og så bortetter.

• Har du blitt undervist konsekvent i nynorsk i alle fag på ungdomsskulen, veit du at det heiter EIN medlem og fleire nervAR, og du har lært om den Heilage Ande, Sameinte Nasjonar, andre verdskrigen, kosthald, olbogeledd, inkjekjønn, omsetjing, røysterett, rettferd, tryggleik, fridom og politiske rettar.

Det er viktig å hugsa at alle fag er skrivefag. I realfaga må nynorskelevane få høyra om å løysa likningar med to ukjende, og i naturfag må dei få høyra om vasskraft og turbinar og rørslemengd og massetettleik og ulike typar koparsulfid,

• Dersom ein nynorskelev til dømes tek sikte på sivilingeniørstudiet, hjelp det lite at han har analysert dikt av Ola O. Hauge på nynorsk i norsktimane på ungdomsskulen, dersom all undervising i realfaga på ungdomsskulen har gått føre seg på bokmål. Har all undervising i realfaga gått føre seg på nynorsk, vert eleven styrka i trua på at nynorsk er like brukbart om du studerer teknisk kybernetikk eller nordisk litteratur.

Val av målform

• Ungdomstrinnet er ein nøkkelperiode reint språkleg for elevane med nynorsk som hovudmål. Frå og med ungdomsskulen og utover har dei lov til sjølv å velja målform.

• Dei kan i praksis velja mellom 3 alternativ: Skal dei halda fram med nynorsken, gå over til bokmål eller velja ei mellomløysing der dei skriv bokmål offisielt og dialektnært eller eventuelt ei form for nynorsk privat? Mange vel det siste alternativet.

Det er eit spørsmål om nynorskelevane frå språkblanda klassar på ungdomsskuletrinnet opplever at dei har eit reelt val når det gjeld val av målform.

Det vil seia at er det faglege grunnlaget dei har i nynorsk, godt og breitt nok til å kunna velja å halda fram med nynorsk som hovudmål?

Har dei til dømes fått eit så sterkt eigarskap til nynorsken at dei er motiverte til å stå imot bokmålspresset, når dei startar på vidaregåande? 

Er dei til dømes villige til å venta på nynorskutgåvene av skulebøkene til dei dukkar opp uti semesteret ein gong, eller fell dei for freistinga til å kjøpa bokmålsutgåvene som ligg klare i bokhandlarhyllene til semesterstart? 

Merk at eg har ingen problem med elevar som byter til bokmål så lenge bytet kjem som resultat av eit informert og nøye gjennomtenkt val. Ein del av elevane frå språkdelte ungdomskuleklassar vil uansett gå over til bokmål. Men det er svært leitt med elevar som ynskjer å halda fram med nynorsk, men som ikkje føler dei har noko anna val enn å byta til bokmål fordi skulen ikkje legg godt nok til rette for dei.

• Å praktisera språkdelte ungdomsskuleklassar gjev eit tydeleg signal til elevane.

• Det seier noko om kor mykje vekt ein legg på målforma til elevane.

• I Odda per i dag er målforma sjølve grunnlaget for klasseinndelinga på ungdomsskulen.

• Det gjev grobotn for framvekst av ein nynorskidentitet. 

• Og det signaliserer til elevane at målform vert sedd på som noko viktig og vesentleg av skulen og dermed av kommunen.

Odda formidlar slik følgjande bodskap til dei som skal starta i 8. klasse:

• Vi respekterer målforma di i så stor grad at ho avgjer kva klasse du kjem i, og kva undervisingsspråk lærarane nyttar i klassen din!

• Det er ein fin ting å ta med seg vidare for ein elev som ynskjer å halda fram med nynorsken, og det gjer underverk for den nynorske sjølvtilliten til eleven.

• Ved å praktisera språkblanda klassar på ungdomsskuletrinnet står ein overfor store utfordringar med å unngå at tilbodet til nynorskelevane vert svekt. Praktiserer ein derimot språkdeling på ungdomstrinnet etter Odda-modellen, er ein sikra at tilbodet til nynorskelevane er fullverdig og optimalt.

• Det vil vera ressurskrevjande, og komplisert, å krevja stadig oppfølging og kvalitetssikring og sikra at ikkje nynorskelevane vert forfordelte i ein språkblanda ungdomsskuleklasse. Premissane for nynorsk- og bokmålselevar er så ulike: nynorskelevane treng all den nynorsken og alle dei nynorske førebileta dei kan få, medan bokmålselevane badar i sitt eige hovudmål uansett.

• Etter mitt syn har altså Odda-modellen stor pedagogisk verdi. Han gjev nynorskelevane det best mogelege utgangspunktet for å bli trygge i hovudmålet sitt, i begge tolkingar av ‘trygg’.

Takk for merksemda

ved Helga Mannsåker, stipendiat i nordisk språk ved Universitetet i Bergen.
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no