Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nærare 30 er påmeldt til seminar i Vågå

– På fylkesårsmøtet var alle samde om at det vil vere bra å møtest til eit regionalt seminar for Innlandet. No har Austmannalaget laga eit program for eit helgeseminar og vi vonar seminaret vert både til inspirasjon, kunnskapspåfyll og skolering i målarbeid, fortel Helen Johannesen, leiar i Austmannalaget.

Nærare 30 er påmelde til seminaret. Påmeldingsfristen har gått ut, men det er framleis mogleg å melde seg på. Ver rask og send e-post til hele-jo2@online.no.

– Vi har vore så heldige å få støtte frå Noregs Mållag og dermed vert deltakarprisen låg, sjølv om vi tek inn på hotell og får god mat. Eg trur dette vert ei god samling, både sosialt og fagleg, seier Helen Johannsen. 

Laurdag 8. november 2014

Kl. 13.00 Lunsj

Kl. 14.00 – 14.15: Velkommen ved Helen Johannessen, leiar i Austmannalaget

Kl. 14.15 Korleis vil kommunereforma slå ut for nynorsken?

Innleiing ved Sigbjørn Hjelmbrekke, nestleiar i Noregs Mållag, om kommunesamanslåingsrapport for Noregs Mållag.          

Kl. 15.15 Er kommunesamanslåing eit trugsmål mot nynorsken i Oppland?

Innleiing ved Arne Skuterud, målmann og tidlegare kommunebyråkrat

kl. 15.45 Kva vil skje med nynorsk om det vert kommunesamanslåingar?

Debatt mellom ordførarar og kommunepolitikarar ifrå Norddalen. Førebels har Rolv Kristen Øygard (Sp), ordførar i Skjåk kommune, Iselin Jonassen (Ap), ordførar i Vågå og Olav Røssum (Sp), ordførar i Nord-Fron kommune, Dag Erik Pryhn (Ap), ordførar i Sel og Einar Utgaard (Sp), kommunepolitikar i Lesja.

Kl. 16.45 Kaffipause 

Kl. 17.15 Barn, ungdom og religiøst språk

- Om barne- og ungdomssatsinga til Noregs Mållag ved Sigbjørn Hjelmbrekke

- Prosjekt Målstreken i Valdres ved Aud Søyland

- Korleis kan kyrkjespråket spele på lag med nynorsken i skulekrinsen? Ved Jens Petter Ous, sokneprest i Nord-Fron kommune og Even Lusæter frå Vågå

- Fron Målungdom ved Kine Svori

Kl. 18.30 Slutt for dagen

Kl. 19.30: Middag. Festleiar: Ivar Schjølberg, Mållaget Ivar Kleiven

 

Søndag 9. november 2014

Kl. 09.30: «Alt som går bra for nynorsken no» ved Turid Kleiva, aktiv i Fron Mållag

Kl. 10.00: Skrivetips - korleis nå fram i media med stoff om nynorsk og korleis kan vi hjelpe kvarandre ved Jens Haugan, leiar i Hamar dialekt- og mållag

Kl. 11.30: Beinstrekk

Kl. 11.45: Organisasjonsutvikling og korleis skaffe nye medlemmer? Leiar: Olaf Nøkleby
- Korleis kan ein få folk som er opptekne av dialektar til å engasjere seg i mållagsarbeid?
- Korleis gjere nynorsken meir synleg i samarbeid med andre?

- Kine Svori, Fron Målungdom 
Paul Hage, leiar i Fron Mållag
Kirstine Prestmoen, leiar i Folldal Mållag


Diskusjon – Idédugnad – oppsummering.     

Kl. 13.15: Oppsummering, vegen vidare og avslutning ved Helen Johannessen

Kl. 13.30: Lunsj

***

Send påmelding til Helen Johannesen på e-post: hele-jo2@online.no eller på telefon / SMS til: 916 94 838 

Ver god å skriv om du vil ha dobbeltrom (eventuelt med kven), enkeltrom eller dagpakke.

Seminaravgifta skal betalast til Austmannalaget – kontonummer: 2085 63 60378.

Påmeldingsfrist: 26.10. 2014. Men, veldig bra om du melder deg på så snart som råd!

***Prisar for seminaret***

Dobbeltrom, per person

Kr 500,-

Enkeltrom

Kr 750,-

Dagpakke

Kr 200,-

Dagpakke m/middag

Kr 300,-

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no