Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 28. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ingeborg Mjør til minne

 (05.10.2014)

I gravferda til Ingeborg Mjør torsdag 2. oktober, sa Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag, dette til minne om henne.  

Ingeborg Mjør har lagt ned arbeid og innsats i målrørsla som vitnar om eit bankande hjarte for målsaka, men og om stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne.

Ingeborg verka i alle delar av organisasjon, både på lokallagsnivå, fylkesplan og nasjonalt og var ein av våre aller mest trufaste tillitsvalde. Ho var tidleg aktiv i BUL Bergen og kom derifrå til Hordaland mållag alt i 1988. Der sat ho i styret frå 1988 til 1993 og var leiar frå 1993 til 1995. Ho var deretter nestleiar i Bergen mållag tre år og frå 2004 til 2009 leiar i Stavanger mållag.

Ingeborg var å sjå på ei rekkje landsmøte i Noregs Mållag og vart i 1999 vald inn i styret for landslaget der ho sat til 2002, det siste året som nestleiar. Ho representerte òg Noregs Mållag i styret for stiftinga Magasinett og i rådet for Norsk Barneblad der ho var leiar.

Dei som arbeidde i lag med Ingeborg i leiinga i mållaget [[der det av og til har blåse friskt]], melder om ei dame som var svært inspirerande å samarbeide med og ein fryd å diskutere med. Ho var tydeleg og gjerne skarp på sitt lågmæle avvæpnande vis og med eit breitt engasjement.

Her fekk ho utfalde seg på feltet ho brann mest for – språk- og kulturformidling for dei minste ungane. Ingen har vore viktigare dei siste tiåra enn Ingeborg for å gje innhald til barnehagearbeidet vårt. Ho var initiativtakar og fyrste redaktør i Pirion, kulturavisa for barnehage og småskule, og reiste land og strand rundt og kursa barnehagetilsette om nynorskbruk i barnehagane for å bu elevane på den nynorske skulekvardagen.

I det akademiske arbeidet har Ingborg Mjør òg bidrege til målsaka og vore viktig for korleis me har teke til å arbeide med ungar allereie i barnehagen. Ho har synt i sitt arbeid kor viktig språkarbeidet er i barnehagen, noko ho òg har fått høve til å formidle gjennom eit temahefte til barnehagane frå Utdanningsdirektoratet.

Sjølv kom eg inn i mållaget etter at Ingeborg Mjør var flytt til Stavanger. Likevel var ho og arbeidet hennar tilstades på skrivarstova i alle høgste grad som dei som stod øvst på alle ynskjelister til innleiingar og hjelp til å tenkje om politikk på opplæringsfeltet.

Og på ein måte står ein liten del av dette tankearbeidet rundt om på utallige arbeidsplassar og på kjøkenbord i heimar gjennom den umotelege populære koppen vår med slagordet. ”Nynorsk til meg, takk”. Koppen får me framleis tåredryppande spørsmål om vi har att av, frå uheldige eigarar som har knust kruset sitt. Og det var Ingeborg Mjør som var dama bak ideen.

Me lyser fred over minnet til Ingeborg Mjør.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no