Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 26. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

- Sjå til Odda

 (06.10.2014)

I industribygda Odda under fjella vaks det moderne Noreg fram. Men ikkje berre slik me alle ser føre oss, med skiftarbeid og barnehagar. I Odda vaks òg ein moderne språkpolitikk fram. I ei bygd der bondekulturen stod mot industrikulturen, og der makta vart flytt frå bøndene til verksleiing, der kom kravet om bokmål frå nokre av dei nye innbyggjarane. For å løysa konflikten og laga eit system der alle vart tekne hand om skapte Odda-politikarane for 101 år sidan ein modell med nynorskklasser og bokmålsklasser på kvart trinn. Her har elevane i 101 år gått anten i nynorskklasse eller i bokmålsklasse, frå fyrste til tiande klasse.

Nokre år etter at Odda innførte ordninga, vart ho nasjonal politikk og er i dag kjend som parallellklasseretten. 10 eller fleire elevar kan skipa ei eiga klasse med eit anna opplæringsmål enn skulen sitt. På eit viktig punkt skil likevel den nasjonale retten seg frå modellen frå Odda (Odda-modellen): Der Odda-elevane får opplæring i alle fag på hovudmålet sitt i 10 år, er resten av elevane i Noreg berre sikra den retten dei fyrste sju åra av skulegangen.

No er Odda-modellen truga i bygda der parallellklasseretten vart oppfunnen. Odda-politikarane meiner ordninga er for dyr, og sidan ho ikkje er lovpålagd, er ho lett å kutte. Trass i at ho fungerer.

I ein heilt ny rapport, tinga av Utdanningsdirektoratet, konkluderer forskarane med at klasseblanding i ungdomsskulen gjer at nynorskelevane ikkje får den opplæringa dei skal ha. Når elevar frå ulike skular vert samla i ungdomsskulen, har ikkje lenger nynorskelevane rett til å gå i eiga klasse eller å få opplæring på sitt eige språk. Dei har berre rett på bøker på nynorsk. I eit samfunn der nynorskelevane i stor grad er omgjevne av bokmål, treng dei i større grad enn bokmålselevane å skjermast for å lære språket sitt som dei ser mindre av rundt seg. I Odda deler ein elevane etter språk i ungdomsskulen òg. Medan ein i andre delar av landet vegrar seg veldig for å gjera det same. Vage pedagogiske eller sosiale grunnar vert ofte brukte for å blanda bokmålselevar og nynorskelevar i same klasse også der det ville vore nok elevar til å skipa ei eiga nynorskklasse. God språkopplæring kjem langt ned på lista når ungdomsskulane skal fordela elevar i nye klasser. Dette råkar nynorskelevane i dei delane av Noreg med språkblanda skular. Her vert nynorskeelvane sine behov og rettar systematisk nedprioriterte.

I staden for å lata Odda kommune få leggja ned den gode ordninga med språkdelte klasser, bør Kunnskapsministeren gripa inn. Har han lese rapporten frå Utdanningsdirektoratet, så veit han at mange av problema med stor bokmålsdominans i skulen: manglande opplæring og elevar som sit att med ei kjensle av å vera nedprioriterte, kan løysast gjennom å lata nynorskelevane gå i eigne klasser så langt det er råd, nett som i Odda.

I Odda har dei gjort sitt for å gje Odda-elevane eit best mogeleg tilbod i språkopplæringa i ein kommune med både nynorskskular og bokmålsskular. Og modellen er ein suksess. Odda er eit av dei få språkdelte områda der språkskiftet er lite og der delen nynorskelevar har auka dei siste åra. Det syner at Odda-modellen fungerer. I Odda har dei funne ei oppskrift på suksess. Lat resten av Noreg òg få smaka på den suksessen.

(Ytringa stod på trykk i Bergens Tidende, måndag 6. oktober 2014)

 

Marit Aakre Tennø
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no