Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Vil kutta all støtte til LNK

 (08.10.2014)


– Regjeringa spenner bein under suksessrike nynorske barne- og ungdomssatsingar nett og språkkurs i kommunar når dei kuttar ut støtta til Landssamanslutninga av nynorskkommunar.
Dette seier styreleiar for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) Solfrid Borge.


I 2014 fekk LNK 1.088.000 kroner i støtte over statsbudsjettet. I framlegget til statsbudsjett for 2015 har Regjeringa kutta all støtte.
– Dette får dramatiske konsekvensar for heile drifta til organisasjonen, seier styreleiar Solfrid Borge.

Kuttar all støtte til nynorsk-suksessar
LNK står blant anna bak drifta av den nynorske nyhende- og debattavisa for unge, Framtida.no, som er det einaste nasjonale nyhendetilbodet på nynorsk for unge.
– Økonomisk støtte frå LNK har vore heilt avgjerande for Framtida.no. Det har gjort oss i stand til å veksa og koma der me er i dag, med aukande tal lesarar, journalistar og inntekter, seier redaktør i Framtida.no, Svein Olav B. Langåker.
Dersom all støtte blir kutta, må LNK også seia opp avtalen med Magasinett og Pirion, som er viktige nynorske tilbod i skulen og barnehage, både for dei som har nynorsk som hovudmål og sidemål.
– Dette strir mot målet i regjeringserklæringa om å gjera sidemålsopplæringa meir engasjerande, seier LNK-styreleiar Solfrid Borge.

– Åtak på nynorsk barn og unge
Karl Peder Mork, leiar i Norsk Målungdom, meiner kuttet i støtta til LNK er eit åtak på nynorsk barn og ungdom.
– Det er eit ganske vanvittig framlegg, og eit åtak på barn og unge sine høve til å få lesa nyhende på nynorsk. Eg klarar ikkje å forstå argumentet for kuttet, seier Mork.
Då kulturminister Thorhild Widvey vitja Sogn og Fjordane i vår erkjente ho at kommunereforma kunne få konsekvensar for nynorsken.
– Det er ille at regjeringa vil kutta heile løyvinga til Landssamanslutninga av nynorskkommunar no når alle kommunar skal drøfta si eiga framtid, seier styreleiar i Nynorsk kultursentrum, Lodve Solholm.
Landssamanslutninga av nynorskkommunar har 103 kommunar og fire fylkeskommunar som medlemmer.

Pressemelding
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no