Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. JUNI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

– Tapte sjansar for nynorsksatsing

 (08.10.2014)

Nynorsk kultursentrum får 17,8 millionar kroner i driftsmidlar i framlegget til statsbudsjett for 2015. Dette er vel 300 000 kr eller 1,9 % meir enn i år, men mindre enn den venta pris- og lønsveksten. –  Kulturbudsjettet inneber tapte sjansar for vidare nynorsksatsing. Det gjer meg skuffa, men som før skal Nynorsk kultursentrum skal vise at vi får mykje ut av lite, seier styreleiar Lodve Solholm.

– Vi har fullført alle større prosjekt innanfor budsjett, auka marknadsinntektene med nær 50 % dei siste tre åra, gjort det vi sa vi skulle gjere og fått born og unge meir i tale er kulturinstitusjonar flest. Det ser ikkje slik ut i statsbudsjettet, seier Solholm. – Det er ille at regjeringa vil kutte heile løyvinga til Landssamanslutninga av nynorskkommunar no når alle kommunar skal drøfte si eiga framtid. Vi hadde også venta at regjeringa no hadde avklara framtida for Norsk Ordbok, seier Solholm.

Den nasjonale institusjonen Nynorsk kultursentrum med hovudsete i Ørsta driv fleire museum og festivalar på Vestlandet. For 2015 søkte institusjonen om 1,6 millionar kr meir for 2014, ein auke på 9 %.

 

Regjeringa satsar mindre på nynorsk

Framlegget til statsbudsjett inneber at ein jamt mindre del av statlege midlar går til nynorsktiltak.

Nynorsk kultursentrum har utvikla ein nynorskindeks der summen av alle statlege løyvingar til nynorsktiltak blir rekna i prosent av kulturbudsjettet. I 2010 utgjorde nynorskløyvingane 3,2 %, mot berre 2,6 % i 2015-budsjettet. – Regjeringa måtte ha satsa 70 millionar kroner til berre for å halde nivået frå 2010, seier Ottar Grepstad.

 

Svakare offentleg satsing svekkjer marknadsinntektene

Som andre kulturinstitusjonar arbeider Nynorsk kultursentrum heile tida med å auke marknadsinntektene. Dei tre siste åra auka institusjonen desse inntektene med 48 %.

– Det var auken i offentlege tilskot som sette oss i stand til å skape større eigeninntekter. No blir det vanskelegare, seier direktør Ottar Grepstad.

– Saman med marknadsinntekter og andre eigeninntekter har løyvingane frå Stortinget dei siste åra sett oss i stand til å gjere det vi sa vi skulle gjere då vi tok på oss å utvikle Hauge-senteret i Ulvik, meiner Grepstad. – Senteret har vore i avgrensa drift like sidan 2011, og difor veit vi mykje om kva vi treng dei neste åra.

Eit samla nynorskmiljø drøftar statsbudsjettet på eit møte i neste veke.

 

Pressemelding
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no