Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. JUNI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Motstridande signal frå Kulturdepartementet

 (08.10.2014)

– Framlegget frå departementet om å stryke Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) frå budsjettet, er ikkje til å forstå, seier Sigbjørn Hjelmbrekke, nestleiar i Noregs Mållag. 

Gje og ta til barn og unge

LNK driftar i dag tre viktige tilbod for formidling av nynorsk til barn og unge: framtida.no, Magasinett og Pirion. Den vidare drifta av desse står i fare når LNK no mistar statsstønaden fullstendig.

Folkebiblioteka er kåra til ein av vinnarane i kulturbudsjettet, med 20 friske millionar til utviklingstiltak. Barn og unge er storforbrukarane av biblioteka, og påplussinga kan lesast som ei styrking av lesetilbodet til denne aldersgruppa. Dei tre nemnde tiltaka retta særskild mot nynorskelevar mistar derimot viktige delar av finansieringa si. Dei tre tiltaka dekkjer mellom seg heile målgruppa frå barnehagen til den unge vaksne, og dei utgjer gode tillegg til nynorskelevane, utover det biblioteka har å tilby.

 – Sidene har fått eit lyft dei siste åra, og talet på lesarar aukar. Det er merkeleg at det ikkje skal finnast pengar til eit så godt tiltak, meiner Hjelmbrekke.

Han stussar også på at dette kuttet kjem midt i det førebuande arbeidet med kommunereforma. LNK er ein samlings- og diskusjonsarena for nynorskkommunane - og ein særleg viktig organisasjon for erfaringsutveksling i reformperioden.

– I kommuneproposisjonen som vart lagt fram før ferien, slår ein fast at det er viktig å sikra nynorsk og samisk i reformprosessen, slik at ikkje samanslåingar får den utilsikta konsekvensen at dei mindre brukte språka vert ramma. Nynorsk vil ha ein utsett posisjon mange stader, og det er stor trong for å tenkja nytt om korleis intensjonane frå dagens lovgjeving kan vidareførast for å sikra nynorskområda i mange fylke, meiner Hjelmbrekke.

 

Avisstøtte med språkleg slagside

Departementet vil innføre flat moms på nyhende med 8 % moms på papiraviser og reduksjon på nett frå 25 til 8 %. Riksavisene med velutbygde elektroniske tenester, vil koma godt frå det. Felles for desse avisene, er at dei forbyr nynorsk på redaksjonell plass. Tyngda av nynorskbruk finn vi fyrst og fremst i dei mindre avisene, dei som ikkje har hatt musklar til å prioritera Internett, og heller ikkje vil få det no når økonomien deira blir endå svakare enn før.

Regjeringa vil vidare kutta produksjonstilskotet med aviser med 16,2 prosent samanlikna med inneverande år. Sist regjeringa gjorde framlegg om kutt i produksjonstøtta var denne utforma på ein måte som råka nynorskaviser særleg hardt. Kuttet vart heldigvis ikkje gjennomførd. Me håpar utforminga av kutta i denne runden ikkje vil få same språklege slagside.

Det same kuttet er gjennomført i posten til samiske aviser, noko som kan få dramatiske konsekvensar for desse publikasjonane.

 

 

Pressemelding frå Noregs Mållag
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no