Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 26. SEPTEMBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Oppdater! Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa Ledig stilling

Haustseminar i Trønderlaget

 (10.10.2014)

Nynorsk som bruksspråk er temaet for haustseminaret. Skal nynorsk med sine kvalitetar vere med å påverke den norske språkutviklinga må språket brukast. Forfattar Ingrid Storholmen (Foto: AKAM1K3) vil mellom anna reflektere over kvifor mange av trønderforfattarane trivs best med å skrive nynorsk.

Trønderlaget samlar eit godt innleiarlag til sitt Haustseminar i Orkdal fredag 17. oktober. Då kjem Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag, Morten Søberg, forfattar og målmann, Ola Borten Moe, direktør i SIVA og nestleiar i Senterpartiet, Kato Nykvist, politisk redaktør i Nationen, Tove Rogstad, eigar av Røv Mølle og dessutan forfattar Ingrid Storholmen for å snakke. 

Seminaret blir halde på Torshus folkehøgskule, Fannrem, Orkdal. Fredag 17. oktober frå kl. 9.45 – 16.00 (Merk dagen!) 

Les heile programmet for seminaret finn du her

Same kveld vert det kulturkveld og konsert med Henning Sommerro.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no