Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Med nytt mållag for auga

 (13.10.2014)

Det går mot skiping av mållag på Bømlo. Eit interimstyre på sju lokale nynorskbrukarar skal styra nett den ballen i mål. 

Interimstyret for Bømlo Mållag er: Frå venstre: Dagfinn Kustrin-Iversen, Inga Rasdal, Astrid Olsen, leiar i Hordaland Mållag, Tor Gjøsæter, Mariann Sagvaag, Inger Lise Kippersund, Ingar Rolfsnes Fardal og Jostein Molde. (Foto: Nils-Tore Sele)

– Eg er imponert over kor mange som kom på oppstartsmøtet. Heile 13 personar, og det er faktisk mykje. Eg har vore med på møte der berre to-tre menneske møtte. Dette lovar godt! Endå betre er det at me har fått eit interimstyre på sju personar på plass, seier Astrid Olsen, leiar i Hordaland Mållag. Nyleg var det oppstartsmøte for Bømlo Mållag på kulturhuset i hordalandskommunen. 

Kan bli sterke i Hordaland

Bømlo er den største kommunen i Hordaland utan aktivt mållag. Det går ikkje an, meinte Hordaland Mållag og sette i haust i gang eit arbeid med å få målfolket på Bømlo samla i eit lokallag.

– Sist gong det var eit aktivt mållag på Bømlo var i 2000, så me er glade for at me no er i gang att. Det er på tide. Det er heile 32 medlemer frå Bømlo i Hordaland Mållag, og det utan eit lokallag. Kjem eit lokallag no på plass, kan dette fort bli eitt av dei aller sterkaste mållaga i heile Hordaland, seier ei offensiv Olsen.

Møtest snart igjen

Ein av dei sju som sit i interimstyret for Bømlo Mållag, er Jostein Molde.

– Dette ser bra ut, seier han til Bømlo-nytt. 

– Med denne fine starten er eg skikkeleg motivert for å vera med og få i gang eit nytt mållag her på Bømlo, fortel Molde.

Alt om knappe 14 dagar møtest medlemene i interimstyret for å leggja opp det vidare løpet mot skiping av Bømlo Mållag. Der vil også leiaren i Hordaland Mållag vera med.

Støttar opp

– Me skal støtta dei heile vegen, fortel Olsen. 

– Bømlo er ein stor nynorsk-kommune i fylket, og det er viktig for oss at det då er på plass eit mållag her. No i starten skal dei få all hjelp som trengst med rekruttering for at dei skal kunna stå på eigne bein seinare, opplyser fylkesmållagsleiaren. Ho fortel at Noregs Mållag mellom anna gjev alle nye lag eit oppstartstilskot på 5.000 kroner.

– I tillegg vil me støtta med nær sagt all mogleg praktisk hjelp frå Oslo. Det har aldri vore lettare å driva lokale mållag enn no, og det har heller aldri vore lettare å vera målkvinne og målmann enn i dag. Skrivarstova til Noregs Mållag i Oslo er til for å gjera mållagsarbeidet kringom i Noreg lettare, seier skulemålskrivar Ingar Arnøy frå Noregs Mållag, som også deltok på oppstartsmøtet.

Målpris og nynorsk i butikkhyllene

Under møtet vart det sett av tid til ordskifte og innspel kring nynorskbruk frå dei frammøtte.

Dag Lothe var mellom dei som ytra seg. Han kom med tanken om at når Bømlo Mållag var godt setla, burde det opprettast ein målpris. Inger Lise Kippersund, leiar i gamle Bømlo Mållag, og også tidlegare leiar for Hordaland Mållag i fire år, meinte ideen var god, og viste til at lokallaget då det sist var aktivt, hadde hatt ein slik pris. 

Lothe meinte også at mållaget burde påverka dei lokale butikkane til å annonsera på nynorsk.

– Det kan vera lønsamt for butikkane. Me vil lettare handla hos butikkar som nyttar den målforma me sjølv brukar, sa han.

Vil ha operativsystem på nynorsk 

– Eg ynskjer å engasjera meg i mållaget på Bømlo fordi eg vil jobba for at operativsystem kjem på nynorsk. Eg forstår ikkje kvifor Apple ikkje utrustar sine iphone-mobilar med nynorskspråkleg operativsystem, seier IT-mannen Tor Gjøsæter, kjent for å ha utvikla ein ny amme-app. 

Nils-Tore Sele, artikkelen har tidlegare stått på trykk i Bømlo-Nytt
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no