Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Språkdeling på Odda ungdomskole

 (20.10.2014)

Fyrstkomande onsdag får Odda kommunestyre eit framlegg frå rådmannen om å starte avviklinga av språkdelinga på Odda ungdomskole. Klubben ved Odda ungdomskole har levert ei eiga uttale til kommunestyrepolitikarane. 

"Språkdeling Odda ungdomsskole

PERSONALET ved Odda ungdomsskole peikar på følgjande fordelar med ordninga med språkdeling i grunnskulen i Odda. (Heretter kalla Oddamodellen)

FORDELAR

Oddamodellen sikrar ei grundig og god opplæring i hovudmålet til både nynorsk og bokmålselevar. Oddamodellen er ei ordning som har vart i 100 år. Ei ordning som er så sjølvsagt for oddingar, at vi har trudd at alle har hatt det sånn! Det er først no når ordninga vert sett under press, at oddingen skjønar kor verdifull den er.

Oddamodellen sikrar likeverd mellom bokmål og nynorsk. Det er ingen elevar på ungdomsskolen som meiner at den eine målforma er betre enn den andre. Helene Hildremyr, som har forska på språk og dialektutvikling i Odda, peikar på dette i forskinga si. Elevane er stolte av dialekta og målforma si, anten dei har nynorsk eller bokmål som hovudmål. Dei omtalar kvarandre med utsegner som «Ho er bokmål eller han er nynorsk, i den meininga at ho eller han går i bokmål eller nynorskklasse. Men det er ingenting i forskinga til Hildremyr som peikar mot at elevar meiner at den eine målforma er betre enn den andre.

Oddamodellen har sytt for at ein ikkje har ein språkstrid i skulen. Utviklinga av eit trygt språk er eit tiårig løp, minst. Elevar er langt frå ferdige i språkutviklinga si når dei er ferdig med barneskulen. På ungdomstrinnet vert språket vidareutvikla. Det er svært viktig å presisera at denne språkutviklinga går føre seg i alle fag. Norskfaget er viktig, men skal ein verta trygg språkleg, må ein møta målforma si i alle faga. Når ein skal formulera hypotesar i naturfag, drøfta problemstillingar i RLE eller skriva matoppskrifter i mat og helse. Språket vert styrka av at ein skriv og les hovudmålforma i alle fag. I reine nynorsk og bokmålsklassar treng ein aldri å forsvara den språklege identiteten sin eller krevja sin rett til å få fullverdig undervising på hovudmålet sitt. Elevane lever i fredeleg sameksistens der bokmål og nynorsk er like bra.
Oddamodellen sikrar at innlæringa av fag går føre seg på bokmål i bokmålsklassar og nynorsk i nynorskklassar. Dersom ein går bort frå språkdeling vil elevane gå i samla klassar i alle fag unntatt norsk. Skulen vil få ei utfordring i høve til korleis ein skal sikra ei rettferdig fordeling av målform nytta i undervisning. Kva målform skal ein nytta når ein skriv på tavla? Skal ein bytta målform etter halve året? Skal eit fag vera på bokmål og eit anna på nynorsk? Det reiser seg mange pedagogiske og faglege utfordringar som det er vanskeleg å sjå gode løysingar på.

Oddamodellen gjer det lettare for elevar som har bruk for spesialundervisning. For elevar som slit med lesing og skriving er det ganske innlysande at ei blanding av bokmål og nynorsk gjer det enno vanskelegare for dei. Oddamodellen sikrar at elevar kjem i språkdelte grupper, anten nynorsk eller bokmål. Det sikrar kvar elev meir hjelp fordi klassane vert mindre. I dag er gjennomsnittleg klassestorleik på Odda ungdomsskole 19 elevar. Oddamodellen er viktig for både bokmål og nynorsk, men det er vanskeleg å koma utanom at alle våre elevar lever i eit samfunn der bokmålet er det vanlege. Utanom skulen er det bokmål ein stort sett les og høyrer, anten ein les riksaviser, ser på tv eller surfar på Internett. Helga Mannsåker, stipendiat i nordisk språk, uttrykker det elegant ved å seia at når nynorskelevar badar i bokmål heile veka, så er det viktig at dei i alle fall dusjar i nynorsk i skuletida.

Oddamodellen sikrar at faglæraren kan nytta hovudmålforma fullt ut og ha fokus på å forklara dei faglege omgrep som eleven må kjenna i faget. Mange omgrep er svært ulike på bokmål og nynorsk. Lat oss ta eit døme, eller eksempel som det heiter på bokmål. Omgrepet i virkeligheten heiter i røynda på nynorsk. To heilt ulike ord. I ein språkblanda klasse vil slike omgrep fort verta forvirrande fordi ikkje alle skjønar begge. Fordi bokmålet er så dominerande vert læraren fort freista til å nytta bokmålsomgrepet i virkeligheten, fordi omgrepet i røynda ikkje vert forstått av alle. På denne måten vert hovudmåla utvatna og den språklege tryggleiken redusert.

Oddamodellen formidlar ein sers viktig bodskap til elevane. Den seier at vi respekterer målforma di i så stor grad at ho avgjer kva klasse du kjem i, og kva undervisningsspråk lærararane nyttar i klassen din. Ein slik bodskap gjer alle elevar språkleg sjølvtillit som er god å ta med seg vidare i livet. Det siste poenget vi vil nemna er ein positiv konsekvens av Folgefonntunnellen. I år har Odda ungdomsskole 2 elevar frå Kvinnherad. Alle elevane våre utgjer ein viktig menneskeleg ressurs, men desse 2 elevane utgjer også ein økonomisk ressurs. Kvar elev frå ein nabokommune gjer Odda ei inntekt på om lag 80000 kroner. Dersom elevar frå Maurangerregionen ser på Odda ungdomsskole som det naturlege valet for seg, kan desse elevane fort utgjera ei inntekt på rundt ein halv million kroner årleg. Vi veit ikkje korleis foreldra i nynorsk-kommunen Kvinnherad vil vurdera Odda ungdomsskole, dersom klassane vert språkblanda.

ULEMPER

Det er vanskeleg for oss å sjå ulemper med Oddamodellen. Det er sjølvsagt innlysande at ein modell som sikrar språkdelte grupper også sikrar mindre grupper. Det gjer kostnaden høgare. Vi meiner likevel at den auka kostnaden er ei god investering i Odda sine ungdomar.

For klubben ved Odda ungdomsskole.

Atle Patterson

 

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no