Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. JULI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Språkdeling på spel

 (20.10.2014)

Fyrstkomande onsdag får Odda kommunestyre eit framlegg frå rådmannen om å starte avviklinga av språkdelinga på Odda ungdomskole frå hausten 2015. 

Les saksframlegget frå rådmannen til Odda kommunestyre

Klubben hjå Odda ungdomsskole har levert ei eiga uttale: Språkdelinga Odda ungdomsskole

Her finn du fleire innlegg om Odda-modellen frå haustseminaret til Noregs Mållag i Odda. 

Terje Kollbotn har levert inn ein interpellasjon til kommunestyret onsdag 22. oktober: 

Om språkdelinga ved Odda Ungdomsskole.

Ordninga med parallellklassar i nynorsk og bokmål vart innført i grunnskulen i Odda i 1914, og har vore gjeldande sidan. Denne ordninga gjer at elevane får undervisninga og undervisningsmateriellet på hovedmålet sitt anten det er bokmål eller nynorsk. Dette gjer elevane til trygge språkbrukarar og reduserer risikoen for målbyte.

Er ordføraren samd i at dette har vore ei vellukka ordning i grunnskulen i Odda?

Landsmøtet i Noregs Mållag vedtok i 2014 å arbeide for at denne «Oddamodellen» bør bli ein nasjonal standard i tospråklege område i landet, og kommunane få ekstrautgifter dekte av staten.

Vil ordføraren stø eit initiativ for at «Oddamodellen» skal halde fram ved Odda Ungdomsskole, slik det er formulert i fylgjande forslag:

Forslag til Odda kommunestyre 22.oktober:

Odda kommunestyre stør Norge Mållag sitt initiativ for at Stortinget løyver ekstra midlar til å halde oppe språkdelinga ved Odda Ungdomsskole. Odda kommunestyre går og inn for at andre ungdomsskular i målblanda område i landet skal kunna gjennomføra full språkdeling i grunnskulen og få dette dekte av staten.

Odda kommunestyre ber ordføraren om å organisere eit sendelag til Stortinget for å presentere denne saka på ei open høyring med kunnskapskomiteen, kommunalkomiteen og representantar frå Hordalandsbenken.

 Odda, den 14.10.14

 Terje Kollbotn (kommunestyrerepresentant / gruppeleiar Raudt)

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no