Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Seminar om språkopplæring for innvandrarar

 (22.10.2014)

I dag er det ope seminar i Drammen om språkopplæring for innvandrarar. Eit svært godt lag av innleiarar er invitert til å snakke om emne frå ulike kantar. Det er sett av godt med tid til ordskiftet. 

Professor Trond Trosterud skal snakke om språkopplæring med utgangspunkt i erfaringar med opplæring i samisk. Tittelen på føredraget er: Norskopplæringa for samisktalande elevar. Kva gjorde vi feil, og kva kan vi lære av desse feila når det gjeld språkopplæringa for innvandrarar?

Nasim Rizvi, medlem av innvandrarrådet i Buskerud, vil svare på spørsmålet: Kvifor språkopplæringa bør bli konsentrert om norsk (bokmål), og kvifor både dialektlære, nynorsk og morsmålsopplæring gjer norskopplæringa vanskelegare.

Dei to siste innleiarane, professor Kenneth Hyltenstam og rådgjevar Maria Grundel vil snakke om både forsking på og erfaringar frå innvandraropplæring i Sverige. Det vert også tid til ordskifte og debatt med salen. Dette vert eit seminar for både studentar og for andre som er opptekne av å få til god språkopplæring for innvandrarar.

Det er Noregs Lærarmållag som skipar til seminaret med Buskerud Mållag og Drammen og Nedre Eiker Mållag er medtilskiparar. Dei har eit godt samarbeid med Høgskolen i Buskerud og Vestfold. Seminaret er i eit auditorie på Papirbredden på høgskulen i Drammen.

Les heile tidsplan og program for seminaret her.  

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no