Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. JULI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Mållaget i budsjetthøyring på Stortinget

 (23.10.2014)

I dag snakka Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag, i budsjetthøyringa til Kyrkje,- utdanning,- og forskingskomiteen på Stortinget. Ho snakka om språkdeling i ungdomskulen og etter- og vidareutdanning for lærarar. 

I høyringa sa Marit Aakre Tennø dette: 

15. august i år kom rapporten ”Undersøkelse av nynorsk som hovedmål” skriven av analysefirmaet Proba samfunnsanalyse på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet.

Denne rapporten er så ny at konklusjonane ikkje har fått sett nemneverdige spor i årets budsjett. Noregs Mållag synest likevel det er rett å peika særleg på to felt der det vil vera mogeleg med få midlar å betra situasjonen for nynorskeelevane.

Språkdeling i ungdomsskulen:

Opplæringslova (§ 2-5.Målformer i grunnskolen ) slår fast at medan det frå 1. – 7. trinn er kommunane som avgjer hovudmålet til elevane, er det frå 8. – 10. trinn elevane sjølve som avgjer sitt eige hovudmål. Undervisingsspråket derimot, er det undervisingspersonalet som avgjer.

I språkdelte område, der nynorskelevar og bokmålselevar går i same klasse på ungdomsskulen, tyder det i praksis stort sett at nynorskelevane får undervising på bokmål. Rapporten syner at nynorskelevane i område der både bokmålselevar og nynorskelevar vert samla på sentrale ungdomsskular, er særleg utsette og ikkje får den språkopplæringa i nynorsk som dei har krav på.

Nynorskelevane har mindre støtte for sitt språk rundt seg elles i ålmenta enn bokmålselevane har. Utan opplæring på nynorsk i andre fag enn norsk misser nynorskelevane hovudmålsundervisning på 12 timar rein hovudmålsopplæring pr. veke i dei teoretiske faga matematikk, naturfag, RLE og samfunnsfag på 8. steget. På niande steget misser dei 11 timar i veka og i avgangsåret misser elevane 12 timar hovudmålsopplæring i veka.

Dagens regelverk fører altså til at nynorskelevane i randsonene, altså der nynorsken står svakast, berre får undervisning på hovudmålet sitt i 7 av dei 13 åra i det 13-årige skuleløpet.

På mange skular fører det til at ein i løpet av tre år på ungdomsskulen har utradert heile kull med nynorskelevar.

I Odda kommune har ein i 100 år delt elevane i bokmålsklasser og nynorskklasser. Men etter 100 år er det slutt, ekstrautgiftene på 1,3 mill. pr år har blitt for store å bera, og kommunen vil leggja ned ordninga. Trass i at eit samla elevråd, eit samla lærarkollegium og fagmiljø seier at ordninga har klåre pedagogiske føremoner. I andre delar av landet vegrar ungdomsskulane seg for å gjera det same. Vage pedagogiske eller sosiale grunnar vert ofte brukte for å blanda bokmålselevar og nynorskelevar i same klasse, også der det ville vore nok elevar til å skipa ei eiga nynorskklasse. God språkopplæring kjem langt ned på lista når ungdomsskulane skal fordela elevar i nye klasser. Dette råkar nynorskelevane i dei delane av Noreg med språkblanda skular. Her vert nynorskeelvane sine behov og rettar systematisk nedprioriterte.

I desse dagar handsamar Odda-politikarane budsjettet til Odda kommune for neste år. Framlegget er å oppheva ordninga med språkdeling i ungdomsskulen. I staden for å sitja roleg og la Odda leggja ned ordninga, bør komiteen no nytta høvet til å sikra at ordninga vert evaluert og å få fram nyttig kunnskap med tanke på å få innført språkdelte klasser i ungdomsskulen for å gje elevane den same retten til undervisning på eige språk gjennom heile grunnskulen.

Me vil be om at komiteen set av både midlar til ordninga i Odda og midlar til evaluering.

Framlegg:

1 150 000 kroner til språkdeling på ungdomsskulen. Av desse går 650 000 til å sikra språkdelinga i Odda neste skuleår og 500 000 til utlysing slik at eit forskingsmiljø kan evaluera ordninga undervegs.

 

Etter- og vidareutdanning av lærarar:

Rapporten ”Undersøkelse av nynorsk som hovedmål” syner at ingen av lærarutdanningane kan sikra at lærarstudentane går ut frå lærarutdanninga med god nok kompetanse i nynorsk. Låg kompetanse i nynorsk trugar dei språklege rettane til nynorskelevane. Etterutdanningsprogrammet som no er lansert, er ein gyllen sjanse til å prøva å bøta på nokre av desse problema gjennom å tilby etter- og vidareutdanning i nynorsk.

I rapporten frå Utdanningsdirektoratet slår ein fast at lærarutdanninga ikkje sikrar god nok kompetanse i nynorsk: ”Det er liten grunn til å tru at dei (gjennomsnittseleven) er trygge nok til å tru at dei kan gje tradisjonell klasseromsundervisning på nynorsk”(s. 51)

Funna frå skulen syner at nynorskelevane meiner dei lærarane som ikkje har nynorsk som hovudmål, er for dårlege og at elevane sjølve opplever at dei må retta på lærarane. Dokumentasjonskravet er ved mange institusjonar for dårleg og gjer det vanskeleg for skulane å sikra seg at dei tilset lærarar med god nynorskkompetanse.

Framlegg til merknad:

Når regjeringa no legg opp til eit stort løft i etterutdanninga til lærarane, bør omsynet til kompetansen i nynorsk vektleggjast. Lesing og skriving er grunnleggjande dugleikar og ein føresetnad for god læring i alle fag.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no