Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Over 100 nye medlemer i oktober

I førre veke var det kome inn over 70 nye medlemer til Mållaget. Vi spurte om vi ville klare 100 innan oktober er over. Og det greidde vi! På nest siste dag i oktober har det meldt seg inn over 100 nye medlemer denne månaden. Vi vonar nyvervinga held fram i november. 

I førre veke hadde Torkel Operasjon Dagsverk-dag og stilte på Mållaget for å pakke velkomen-til-Noregs Mållag-brev saman med Vinjar og Erik. Biletet er ifrå denne arbeidsdagen. 

– Dette er eit godt vervetal, men vi er veldig spent på om vi greier å løfte oss tilsvarande høgt i november, seier Erik Grov, medlemsregisteransvarleg hjå Noregs Mållag.    

Det kostar 200 kroner å melde seg inn i Noregs Mållag. Om du melder deg inn etter 1. oktober vert du medlem ut 2014 og heile 2015. 

Vil du melde deg inn i Noregs Mållag eller kjenner du nokon som vil det? Sjå innom innmeldingssida til Mållaget eller det går ann å melde seg inn via mobiltelefonen. 

Bli medlem på SMS!
Send ordet nynorsk til 2490, og du vert medlem i Mållaget. 200 kroner då vert lagt til mobilrekninga. Melder du deg inn i dag, får du ikkje nytt betalingskrav før på nyåret i 2016.

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no