Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. AUGUST 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Oppstartsmøte i Tysvær Mållag

 (04.11.2014)

Solgunn Liestøl, leiar i Karmsund Mållag, inviterer til oppstartsmøte i Tysvær Mållag onsdag 12. november. 

– Det er i dag 19 medlemer i Mållaget i Tysvær. Dette er etter måten mange, og me vonar det kan vere mogleg å få til eit aktivt lokallag att, seier Solgunn Liestøl, leiar i Karmsund Mållag. 

Karmsund Mållag er eit av fylkeslaga i Noregs Mållag, med seks lokallag i både Hordaland og Rogaland, men dei kan gjerne bli fleire. Det er heilt klart at nynorsken vert styrkt av å ha lag lokalt. 

– Difor inviterer me til oppstartsmøte i Tysvær Mållag onsdag 12. november klokka 18:00 i Bestestova i Tysværtunet kulturhus. Me har på førehand vore i kontakt med fleire medlemer og andre, og veit det er interesse for å få til ei oppattskiping, fortel Solgunn Liestøl. 

På møtet kjem òg Solgunn Liestøl, leiar i Karmsund Mållag, Ingar Arnøy og Øystein Skjæveland frå Noregs Mållag, og Synnøve Sætre frå Norsk Målungdom.

Ta gjerne kontakt med Solgunn Liestøl om det er noko du vil spørje om på førehand. Kanskje du har nokre gode råd på vegen? Telefonnummeret hennar er 936 64 995.

Ein treng ikkje å vere medlem i Mållaget for å kome på møtet. Medlemsskap kan vi alltid ordne etterkvart. 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no