Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorskstafetten er i gang!

 (10.11.2014)

I dag byrja årets Nynorskstafett i Skånevik. I løpet av denne fyrste veka skal stafettbilen innom Karmøy, Tysvær, Bokn og Haugesund. Les meir om programmet dag for dag i kalenderen hjå Noregs Mållag

I dag har Skånevik barnehage og Skånevik skule fått besøk av Nynorskstafettbilen med forfattar Roald Kaldestad, og Øystein Skjæveland og Ingar Arnøy frå Noregs Mållag. 

Både i barnehagen og på skulen snakka Øystein om språk, nynorskbøker og Ivar Aasen, medan Roald spelar gitar og les frå bøkene om Heavykatten. I Skånevik barnehage møtte dei om lag 35 born og om lag 50 elevar på skulen. 

- Dette har vore veldig kjekt. Vi føler oss godt mottekne og det er god stemning, smiler Øystein Skjæveland på telefon frå Skånevik. Måndag ettermiddag vert det barnebokstund på Skånevik bibliotek klokka 17.30. 

I morgon er det Karmøy som står for tur. Då er også Synnøve Sætre frå Norsk Målungdom med på bilen. I løpet av dagen skal dei vitje fire skular og ha eitt møte med kommunen. 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no