Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Kringkastingsprisen til Marta Norheim

 (12.11.2014)

Kringkastingsringen delte i dag ut Kringkastingsprisen til journalist og kulturkritikar i NRK, Marta Norheim. (Foto: Ole Kaland, NRK)

- Eg har eit eige prosjekt om å ta opp sovande ord. Difor seier eg ikkje at eg er veldig, veldig, veldig glad, men at det er ovleg gildt å få Kringkastingsprisen. Det er ein pris som går rett inn i kjernen på det eg jobbar med. I radio på nynorsk, seier Marta Norheim.

Marta Norheim har vore tilsett i NRK sidan 1987, der ho har arbeidd med kulturstoff i både radio og fjernsyn. Ho har jobba i program som Kulturoperatørane, Askeladden, Kritikartorget, Boktilsynet og Bok i P2, og ho har jobba med P2-lyttarane sin romanpris.Marta Norheim er òg blant skribentane på NRK-bloggen Bokbloggen.
 

I grunngjevinga seier juryen (styret i Kringkastingsringen) følgjande:
Marta Norheim er ein veteran i NRK. Ho har i ei årrekkje sørgja for god, normalisert nynorsk i radio. Når Marta Norheim snakkar om litteratur, er det med ei fagleg tyngd som gjer at lyttaren stolar på det ho seier. Hennar sjeldne evne til å få fram kva som er det viktige i bøkene, gjer at bokmeldingane til Marta Norheim kjennest relevante for lyttaren.

Denne kombinasjonen av fagleg kunnskap og evne til å formidle på eit klart og usnobbete språk gjer at Norheim snakkar til folk som liker å lese, rett og slett. Anbefalingane til Marta Norheim når breitt ut, og det er grunn til å tru at landets bibliotekarar og bokhandlarar set pris på den jobben Marta Norheim gjer for å få folk til å lese.

Marta Norheim er ikkje først og fremst nynorskbrukar - ho er ein fagleg sterk litteraturkritikar med særs god formidlingsevne. Nett derfor er ho ein god og viktig representant for nynorsken. Ho har gjennom fleire år brukt eit godt nynorsk språk som verktøy i si formidling, og ho har med dette vorte ein av dei mest populære litteraturkritikarane i dag.

Sjølv sa Norheim følgjande om å vinne prisen:

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no