Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. JULI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorskstafetten til Bokn

 (15.11.2014)

På torsdag var Nynorskstafettbilen på vitjing i Bokn i Karmsund. Dei vart teke godt i mot av ordførar Kyrre Lindanger. 

Til Bokn kom Synnøve Marie Sætre, dagleg leiar i Norsk Målungdom, Ingar Arnøy og Øystein Skjæveland frå Noregs Mållag, og forfattar Roald Kaldestad. 

Synnøve Marie Sætre snakka med elevane i ungdomskulen, medan Øystein Skjæveland og Roald Kaldestad snakka med elevane i barnehagen og i barneskulen. Alle desse vart invitert til lunsj med høge smørbrød med kommuneleiinga der ein fekk høve til å drøfte vilkåra for nynorsken i kommunen. 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no