Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 28. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk næringslivspris til Kleven

 (16.11.2014)

Kleven Maritime fekk tildelt Nynorsk næringslivspris på landrådsmøte i Noregs Mållag: Frå venstre: Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag, Ellen C. Kvalsund, kommunikasjonsdirektør i Kleven Maritime og Sveinung Rotevatn, juryleiar. 

– Kleven er ein stor aktør i ein viktig bransje, og har valt nynorsk som språk fordi det er språket som står dei nærast – og som viser at dei er trygge på kvar dei kjem frå. Juryen for Nynorsk næringslivspris meiner Kleven er eit godt døme å følgje for verksemder i dei nynorske kjerneområda generelt, og for større industriverksemder spesielt, seier Sveinung Rotevatn, leiar for juryen.

– Vi er båtbyggjarar i ein internasjonal marknad der det meste er på engelsk, men vi har valt å bruke både engelsk og norsk. Og for oss er norsk sjølvsagt nynorsk, smiler Ellen C. Kvalsund, kommunikasjonssjef i Kleven Maritime, då ho takka for prisen. 

Grunngjevinga frå juryen:

” Kleven Maritime A/S har gjennom mange tiår vore eit sterkt merkenamn i skipsindustrien, innanfor både nybygg og service. Kleven opererer innanfor ei tradisjonsrik næring, og har eit breitt nasjonalt og internasjonalt nedslagsfelt. Det er eit familieeigd selskap, med djupe røter i lokalsamfunna i Gursken og Ulsteinvik. Totalt har konsernet om lag 770 tilsette.

Konsernet er nominert til næringslivsprisen frå fleire hald. Grunngjevinga er den gode og konsekvente nynorskbruken i ein bransje der bokmål og engelsk er dominerande. Dette er ei grunngjeving juryen kan slutte seg til.

Kleven har eit medvite syn på val av målform, både internt og eksternt. Verksemda har mange utanlandske tilsette, og legg vekt på god norskopplæring av desse.

Under ONS i Stavanger 2014 fekk Kleven pris som ei av dei beste utstillingane på oljemessa, og i grunngjevinga trekte juryleiaren fram at verksemda nytta verdigrunnlaget på nynorsk som slagord og blikkfang. Dette er eitt av fleire døme på at den aktive språkbruken også har vore ei føremon for verksemda.

Kleven er ein stor aktør i ein viktig bransje, og har valt nynorsk som språk fordi det er språket som står dei nærast – og som viser at dei er trygge på kvar dei kjem frå. Juryen for nynorsk næringslivspris meiner Kleven er eit godt døme å følgje for verksemder i dei nynorske kjerneområda generelt, og for større industriverksemder spesielt.”

Juryen for Nynorsk næringslivspris 2014 har vore: Sveinung Rotevatn (leiar), Nina Refseth, Nina Berge Rudi, Magne Aasbrenn og Hilde Lysengen Havro.                       

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no