Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. JULI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

- Politiet er ikkje ein bokmålsetat

 (20.11.2014)

Jens Brekke har gjennom klagesaka si på politiet i Sogn og Fjordane synt fram at politiet vert eit bokmålspoliti, heilt utan at tenestemennene skriv eit einaste ord sjølve.

Når sentrale styresmakter i den tospråklege staten Noreg utan å blunka lagar dataprogram som berre produserer tekst på bokmål, så gjer ein heile etatar eittspråklege.

– I denne saka handlar det ikkje om manglande kompetanse, men manglande vilje, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag.

– Nynorsk taper på startstreken når dataprogram gjer språkvalet for staten på førehand. I fleirspråklege statar som Noreg kan eit språkval aldri vera nøytralt. Ofte ter staten seg som om bokmål er det nøytrale og trengjer slik vekk nynorsken der han heller burde verta løfta fram, seier Tennø.  

Ho meiner at mållova er ein svært viktig reiskap for å hindra at slike førehandsprogrammerte val ikkje alltid er bokmål. For det er langt frå regelverket om at ein ikkje alltid har krav på å få eit skriv på nynorsk, til å ha system som rett og slett gjer det umogleg for den statleg tilsette å velja nynorsk. Saka om bota i Sogn syner at nynorskforbod lett blir resultatet om ein ikkje tek språklege omsyn.

Pressemelding
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no