Betre budsjett, men saknar støtta til LNK
(21.11.2014)
– Det er skuffande at det ikkje er blitt funne rom for støtte til LNK, men bra at Venstre og Krf greidde å få inn pengar til Nynorsk Avissenter og at pressestøtta ikkje vart kutta så drastisk som det var gjort framlegg om, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag.
I dag kom det endelege budsjettframlegget for 2015. Regjeringa sitt originale framlegg inneheldt disponeringar som ville ha råka nynorsk journalistikk hardt: Nynorsk Avissenter i Førde nådde ikkje opp, og femti millionar mindre i pressestøtte ville ha råka nynorske lokalaviser og nynorskvenlege riksaviser hardt. No har Venstre og Krf prioritert båe desse avistiltaka.
– Det er ei lette at Venstre og Krf greidde å få inn pengar til Nynorsk Avissenter og at pressestøtta ikkje vart kutta så drastisk som det var gjort framlegg om, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag.
– Det er viktig å lesa nynorsk kvar dag, og lokalavisene er store tekstprodusentar. Nynorsk Avissenter vil syta for at desse avisene lett kan finna kvalifiserte journalistar, på same måte som Nynorsk Mediesenter har levert nynorskjournalistar til etermedia i ei årrekkje, seier Tennø.
Mållaget stiller seg likevel undrande til at i Landssamanslutninga for nynorskkommunar (LNK) ikkje skal få noko støtte frå staten. Dei er ikkje inne i det nye budsjettet i det heile. Tennø meiner at regjeringa ikkje skjønar kva utfordringar nynorsken har.
– Det er skuffande at det ikkje er blitt funne rom for støtte til LNK. Dei har satsa stort på nynorsk journalistikk på nettet gjennom Framtida.no. Å bli ei levande nettavis krev høg produksjon, og det kostar. Dette får store konsekvensar for Framtida.no, barnehagesatsinga Pirion og for LNK generelt, seier Tennø, som håpar at samarbeidspartia vil arbeida for å finne andre måtar å støtte dette viktige arbeidet på.
– Med ei regjering som ikkje har prioritert nynorsken, så er me glade for at Krf og Venstre har fått på plass nokre viktige tiltak. Det skal dei ha all ære for, seier Tennø.
Pressemelding
|