Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. JUNI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Forfattaropprop for Odda-modellen

 (24.11.2014)

Oppropet vart i dag overrekt Odda kommunestyre. Aina Basso er ein av forfattarane som sluttar opp om Odda-modellen.

Saka vart utsett til kommunestyremøtet i desember og det var vedteke at rådmannen må leggje fram alternativ inndekking på språkdelinga til formannskapet. I tillegg til oppropet fekk alle kommunestyremedlemane Norsk Tidend. Tre elevar frå Odda ungdomskole heldt gode innlegg for kvifor kommunen bør halde fram med språkdeling i ungdomskulen. 

Forfattaropprop for ”Oddamodellen” som nasjonal standard!

Underteikna forfattarar stør ordninga med språkdeling ved Odda Ungdomsskole , den sokalla ”Oddamodellen”.  Denne er foreslått avvikla i kommunebudsjettet av økonomiske årsaker. Vi ynskjer at denne skal halde fram i Odda og bli  ein nasjonal standard ved andre målblanda område i landet. Denne parallellklasseordninga i heile grunnskulen i Odda (innført i 1914), gjer at elevane får all undervisning og alt undervisningsmatriell på hovudmålet sitt, anten det er nynorsk eller bokmål. Dette gjer elevane til trygge språkbrukarar og reduserer risikoen for målbyte.

Vi viser til og stiller oss bak fråsegna frå landsmøtet i Norges Mållag i denne saka.

Frode Grytten 

Marit Eikemo

Lars Ove Seljestad

Bjørn Ingvaldsen

Erna Osland

Magnhild Bruheim

Atle Hansen

Aina Basso

Helge Torvund

Anne Otterholm                                        

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no